- Slik var kampen: Nederland - Danmark 0-1
– Drillo vil vere veldig imponert. Dette liknar veldig på Drillo-fotball, seier Tøfting.
Laurdag kveld var han vitne til ein EM-sensasjon av dei sjeldne. Danmark sjokkerte stjernegalleriet frå Nederland, og sikra tre poeng på ein høgst kynisk måte.
Dei oransje produserte sjanse på sjanse, men landslagssjef Morten Olsens menn heldt unna med knallhardt forsvarsspel og god kontringsfotball.
Med Michael Krohn-Dehlis 1-0-mål, som var nok til å sikre «full pott», har Danmark no styringa i dødens gruppe.
– Nøkkelkampen blir vanskeleg
Men både Tyskland og Portugal står igjen som gruppemotstandarar, og Tøfting er ikkje bombesikker på at danskane kan gjenta bragden frå laurdag.
– Eg trur enno det blir vanskeleg mot Portugal. Men dei tre poenga gjør jo at vi fører gruppa no, seier Tøfting, som påpeiker at møtet med Christiano Ronaldo og lagkameratane blir nøkkeloppgjøret.
Scheie: – Nederland må skjerpe seg
NRKs kommentator Arne Scheie støttar Tøftings utspel
– Danmark kan komme vidare. Det blir tøft. Dei kan også fort komme på tredjeplass i gruppa.
Han såg sjukdomsteikn i motstandar Nederland, som raskt bør få styr på spelet om dei skal ta seg til kvartfinalen i EM.
– For Nederland er dette alvorleg. Dei var store favorittar til å gå vidare, og det kan dei fortsatt gjøre. Men det var mykje groms i laget i dag, seier NRKs fotballkommentator, Arne Scheie.
– Dei må skjerpe seg. Pasningane gjekk i hytt og vêr. Dei fleste skota kom frå langt hald, og laget fann aldri rytmen, seier Scheie.
Heller ikkje midtbaneveteran Mark van Bommel var fornøgd med lagets prestasjon.
– Heilt utruleg at vi tapte denne kampen. Vi hadde så mange sjansar, og slepte bare til ein. Eg vil heller spele stygt og vinne enn å oppleve dette, sa Nederlands van Bommel etter kampen.
– Heilt opent i dødens «gruppe»
Då dommar Damir Skomina blåste av kampen braut Danmarks fans ut i ellevill jubel. Truleg var dei optimistar på førehand, men triumfen kan seiast å vere noko sensasjonell.
Nederlendarane, som hadde førebudd seg til fotballfest, forlot stadion slukøyra og skuffa.
– Nederland trudde dei var så store favorittar at dei kunne ta dette relativt greit. Men dei hadde marginane mot seg, sjølv om dei skapte sjansane, seier Christian Nilssen, som kommenterte kampen for NRK i Warszawa.
Han meiner at Danmark-triumfen var det beste som kunne skje for spenninga i gruppa.
– No er det heilt opent. Nederland må slå Tyskland. Det blir eit utruleg oppgjør med historia begge laga har i meisterskapsmøte, seier Nilssen.
Tøfting: – Kan ein slå Nederland kan ein slå alle
Tyskarane og nederlendarane vil begge kjempe for oppnå målet om å ta seg vidare i gruppa, men outsidaren Danmark er plutseleg blitt ein farleg outsidar.
Tøfting utelukkar ikkje at Danmark kan få eit sensasjons-EM om dei avanserer til kvartfinale.
– Danmark er gode nok. Om ein slår Nederland kan ein slå alle. Men det er ein lag veg, og det er mange som er bedre enn oss, seier den tidlegare landslagsspelaren.