Ikkje nok med at dei var slegne ut av FA-cupen, men då dei kom i garderoben etter kampen fekk dei seg nok ein kalddusj.
For medan spelarane slåss ute på banen, hadde nokon vore inne i City-garderoben og forsynt seg av pengane til som låg der.
- Nokon stal pengar frå både spelarar og lagleiarar under kampen. Me samarbeider tett med politiet på arenaen og folk i Sheffield United, fortalde talsmann Paul Tyrell.
Han ville ikkje uttala seg om kven det gjeld, men seier at tjuvane har forsyntseg av eigedelane til fleire av spelarane og støtteapparatet.