NRK Meny
Normal

Tilbake til framtida

KOMMENTAR: Rosenborg avgjorde seriefinalen i siste sekund, og kan med dét ha lagt grunnlaget for ein ny, trønder-dominert epoke i norsk fotball. Klubben er på veg tilbake til framtida.

Rosenborgjubel

ARROGANSEN ER TILBAKE: Sjølvtrua og arrogansen frå Nils Arne Eggens dagar er tilbake, og då er Rosenborg uslåelege på Lerkendal, meiner kommentatoren.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Utgongspunktet før denne kampen var klart: Viss Rosenborg vann, ville dei i praksis ha avgjort eliteserien 2015. Luka ned til det jagande Stabæk ville då vere på heile elleve poeng, og med sju kampar igjen å spele kunne bæringane like godt avblåse jakta.

Uavgjort ville, naturlegvis, konsolidere stillinga i toppen, og for å bevare spenninga i sesongavsluttinga måtte gjestene såleis etter alt å døme vinne på Lerkendal, ein arena kor ingen gjester hadde vunne sidan 16. mai i fjor, då nettopp Stabæk triumferte under sin førre visitt i Trondheim.

Det var seriefinale, det var sol, og tjue tusen trivelege trøndarar skapte sitt sedvanlege musikalske bilde tå´n Ivers (kvil i fred). Denne skribenten sitt personlege synspunkt var like klart som utgongspunktet: Eg tilkjente Stabæk omtrent like store sjansar som tyren i ein corrida de toros.

Tradisjonell Rosenborg-arroganse

Kåre Ingebrigtsen

BREIE GLIS: Kåre Ingebrigtsen tar opp arven etter Nils Arne Eggen, og det gjev resultat

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

For det har hendt noko med Rosenborg det siste året. Eg tenkjer ikkje først og fremst på det opplagte faktum at dei har vorte ganske mykje betre til å spele fotball, individuelt og kollektivt, at gjenninnføringa av den tradisjonelle Rosenborg-stilen har vore ein ubetinga suksess, at ein spelar som Pål André Helland endeleg leverer stabilt og at ubestridte talent som Ole Selnæs og Fredrik Midtsjø endeleg har slått ut i full blome.

Nei, for trass i at alt dette er viktige grunnar til at Rosenborg tronar øvst på eliteserietabellen – og nokså sikkert kjem til å halde seg der uavhengig av kveldens resultat – er det ikkje den viktigaste grunnen.

Den viktigaste grunnen til suksessen dei har opplevd i 2015, er at den tradisjonelle Rosenborg-arrogansen, klubbens varemerke gjennom gullalderen under Nils Arne Eggen, endeleg er attende. Rosenborgs store, folkelege appell i Trøndelag skriv seg nemleg ikkje berre frå lagets prestasjonar på Lerkendals grøne gras, men óg (i minst like stor grad) frå korleis dei har framstått utanfor banen.

Fryktingytande kraft

Anders Konradsen

TYPISK ROSENBORG: Når andre hadde gitt opp, scorar Rosenborg. Anders Konradsen stangar inn målet som kan ha avgjort årets serie, ni sekund før slutt

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Ein breial, til tider nesten komisk sjølvsikker veremåte har vore karakteristisk for klubben heilt sidan den før nemnte Ivers´ dagar. Under orakelet Eggen vaks denne tradisjonelle arrogansen til ei fryktinngytande kraft, ei kraft som ofte medførte at motstandaren i praksis var slått på førehand.

Rosenborg ville vinne ganske enkelt fordi dei var Rosenborg, og det var ingenting å gjere med det. Naturlegvis hende det at dei tapte, men det framsto oftare enn ikkje som ein merkverdig feil, at dei tapte fordi dei gløymte å konsentrere seg, at tapet hadde lite med motstandarens kvalitetar å gjere, og at det uansett ikkje ville ha noko å seie i det lange løp.

«Rosenborg light»

Men i åra etter at Eggen gjekk av i 2002, forsvann denne nærast mytiske krafta gradvis frå klubben, og ingen av dei talrike trenarane som fekk prøvesitje legendens lærestol klarte (heilt) å gjenskape henne.

Ikkje ein gong den ulasteleg kledde Erik Hamrén, med sin kneisande nakke og krav om «attityde», lukkast. Klubben verka tyngd av si eiga stolte historie, av ei udefinerbar, men ikkje desto mindre høgst reell kjensle av at dagens Rosenborg var... Rosenborg light.

Men under det tilsynelatande saktmodige lukketrollet Kåre Ingebrigtsen har klubben funne attende til seg sjølv. Den alltid slagferdige Helland – sannsynlegvis den mest autentiske rosenborgaren sidan Mini – personifiserer skiftet: Respektlaus, uføreseieleg, like kjapp i kjeften som i beina. Ein spelar i pakt med klubbens sjel.

Økonomiske musklar

Ole Kristian Selnæs

DOMINERTE: Ole Kristian Selnæs storspela og dominerte midtbanen i toppkampen

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

No finst det, naturlegvis, óg meir prosaiske faktorar som spelar inn. Rosenborg har framleis, etter norsk målestokk, misunningsverdig store økonomiske musklar. I sommar mista dei ein støttespelar i Stefan Strandberg, men henta straks inn ein erfaren erstattar av solid kvalitet i Johan Lædre Bjørdal.

I tillegg kom tre andre spelarar inn: Anders Konradsen, Yann-Erik de Lanlay og Matthias Vilhjálmson, dei to sistnemnte frå (i prinsippet) konkurrerande eliteserieklubbar.

Stabæk, derimot, mista sin toppscorar Adama Diomande til Hull etter at det norske overgangsvinduet hadde stengt, og forsøket på å erstatte han med den kontraktslause kamerunaren Justin Mengolo står no i fare fordi kamerunaren kanskje ikkje er så kontraktslaus likevel.

Eit sentralt spørsmål før denne kampen var korleis Stabæk-sjef Bob Bradley ville bøte på denne spissmangelen. Bradley er eliteseriens i særklasse mest oppfinnsame trenar, og som ein kanskje kunne vente valde han ei løysing ingen venta.

Venstreback som «falsk niar»

Venstreback Birger Meling vart flytta fram på Diomande sin gamle plass, og skulle agere som såkalla falsk niar, i mellomrommet mellom midtbane og angrep. Høgrekant Ernest Asante skar hyppig inn i rommet Meling etterlot seg på topp.

Stabæk pressa høgt og som alltid svært disiplinert, og var, innleiingsvis, det førande laget i kampen.

Det rosenborgske kombinasjonsspelet var vesentleg mindre presist enn det brukar å vere, kun Ole Selnæs – som har tatt oppsiktsvekkjande store steg denne sesongen og no framstår som ein verkeleg hærførar sentralt på midtbanen – presterte på normalt nivå.

Det lukkast Stabæk å låse Mike Jensen og Fredrik Midtsjø i sine indreløparroller, noko som medførte at kantspelarane de Lanlay og Helland fekk oppleve langt mindre ballkontakt enn dei er vane med.

Trongt angrepsspel

Når ein heller ikkje lukkast i å involvere sidebackane Jonas Svensson og Jørgen Skjelvik offensivt i nemneverdig grad, vart konsekvensen at Rosenborg sitt spel vart svært trongt, og sjølv om dei overtok føringa i kampen utover i første omgang, førte ikkje stadige forsøk på å gjennomtrengje Stabæk-midtforsvaret til noko teljande resultat.

Morten Morisbak Skjønsberg sto på sin sekstenmeter og såg ut som han naut situasjonen. Førtifem frustrerande minutt for heimelaget og tilhengjarane deira, men faktum ved pause var like fullt at det fortsatt var fordel Rosenborg.

I andre omgang lukkast det Rosenborg å auke balltempoet, sidebackane kom langt betre med i spelet, eit mål låg etter kvart i lufta. Birger Meling sprang og sprang, uavlateleg, i nye og uvane rolle som falsk niar, men som heilskap kunne det sjå ut til at Stabæk var i ferd med å verte slitne.

Defensiv disiplin

I første omgang, då Yassine El Ghanassy vart spelt fri i tilsynelatande offside-posisjon, valde han – heller enn å forfølgje ballen i håp om at assistentdommaren skulle oversjå offside – straks å snu og gå i posisjon for å kunne presse ballførar, ein liten detalj som viser kor disiplinert og gjennomtenkt Stabæk si defensive tilnærming er på sitt beste.

No svikta det første pressleddet stadig oftare, med den følgje at Rosenborg sin sentrale midtbanetrio fekk boltreplass dei ikkje hadde kunna drøyme om før pause. Berre ein serie briljante, om enn eksentriske, redningar frå keeperfantomet Sayoba Mandé heldt Stabæk inne i kampen. Men klokka tikka, og stillinga var stadig null-null, eit godt, men paradoksalt nok óg skuffande resultat for heimelaget.

Nittitalskrafta er tilbake

Men så hende det som styrka meg betydeleg i trua på at Rosenborg verkeleg er på veg tilbake til framtida, at klubben verkeleg er i ferd med å finne att den krafta eg har skildra tidlegare, og som alle vi som er gamle nok lærte oss å kjenne, beundre og frykte på nittitalet.

Tre minutt på overtid fekk dei eit hjørnespark, Helland tok det, svingte ballen inn i feltet, og der steig innbyttar Anders Konradsen til vérs og stanga ballen i buret. Ingen kunne seie at det var ufortent, men målet kom på eit tidspunkt der dei aller fleste truleg hadde gjeve opp å vente på det.

Og det er noko med lag som gjer slikt, som aldri gjer opp, som avgjer ein kamp dei strengt tatt ikkje måtte avgjere, i siste sekund, som får meg til å mistenkje at dette Rosenborg-laget skal verte svært vanskelege å gjere i sesongane som kjem. Eit grunnlag for ny dominans kan vere lagt.

Rosenborg er seriemester 2015, og kan fylte av forventning halde fram på vegen tilbake til framtida.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.