NRK Meny
Normal

Henrik håpar på full pott mot gamleklubben

Henrik Furebotn er «klar som eit egg» til søndagens møte med gamle lagkameratar i Sogndal. Men møte med Azar Karadas får han ikkje.

Henrik Furebotn

ARKIVFOTO: Henrik Furebotn er overraska over kor bra gamleklubben hans Sogndal gjer det. I dag møter han dei som Sandnes Ulf-spelar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Fotballspelaren frå Årdal stod over dei to siste kampane før pausen på grunn av ein dårleg rygg, men har trena godt denne veka.

Søndag møter Henrik Furebotn gamleklubben Sogndal når dei gjestar Sandnes Ulf.

– Eg er klar eg. Det hadde eg nok vore uansett. Dette var ein av dei første kampane eg peila inn då terminlista kom, ler 27-åringen.

Gler og gruar seg

Henrik Furebotn

KLAR: Sandnes Henrik Furebotn stod over mot både Viking og Odd Grenland før ferien. – Eg er klar mot Sogndal, men det er ikkje sikkert at eg startar. Eg kjenner det der lenge sidan eg har spelt kamp, seier han. Biletet er frå treningskampen mellom Sogndal og Sandnes Ulf på La Manga i vinter.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

Furebotn har seks år bak seg som midtbanespelar i Sogndal. Etter 173 seriekampar bestemte han seg for å prøve noko nytt.

Valet fall på rogalandsklubben Sandnes Ulf.

– Det blir noko spesielt, og eg både gler og gruar meg til søndag. Men det blir kjekt å helse på gjengen att, seier Furebotn.

– Du fryktar ikkje at du slår deg med sogndal-spelarane inn i bortegarderoben når dei kjem?

– Nei, eg får ikkje håpe det.

Overraska over Sogndal

Sandnes Ulf er botnlaget i Eliteserien med ti poeng etter dei 12 første kampane.

Sogndal som før sesongen var spådd nord og ned etter å ha mista sentrale spelarar, har overraska og ligg på åttandeplass. Med seks poeng meir enn rogalendingane.

Mane

VIKTIG: Driblekunsten til Malick Mane er ein viktig del av suksessen til Sogndal.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Eg har sett dei kampane eg har kunne, og Sogndal har gjort det bra i år. Eg er eigentleg litt overraska. Dei har nokre sterke sigrar på bortebane, er gode heime og så har Malick Mane fått fart på beina sine. Dei kjem nok til å klare seg i år også, seier han.

Første heimesiger

Men Sogndal får ingenting gratis når dei entrar Sandnes stadion.

– Det er jamt i botn, så det er inga krise enno, men vi skulle gjerne tatt årets første heimesiger. Det hadde passa godt no. For oss er det viktig å byrje å vinne på heimebane om vi skal henge med utover hausten, seier han.

Dermed har han også gjort det han kan for å fore trenar Asle Andersen med informasjon om spelarar og spelestil i gamleklubben Sogndal.

Budde på «krig»

– Men det var visst ikkje så mykje nytt eg kom med. Vi har god statistikk mot Sogndal, seier han.

Azar Karadas

UTE: Azar Karadas står over oppgjeret grunna tre gule kort.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Historisk har Sogndal framleis til gode å slå Sandnes Ulf i serien. To av seks møter i serien har enda i siger til rogalandsklubben.

– Vi er budde på at det blir ein «krig» der ute. Dei har to gode midtstopparar, to gode sentralt og så er Malick skummel offensivt. Men det viktigaste er å fokusere på oss sjølve, legg Furebotn til.

Santos for Karadas

Sogndal reiser til Sandnes utan Azar Karadas, Kristoffer Stephensen, Ørjan Hopen og langtidsskadde Tonny Brochmann Christensen.

Eit stressbrot i nedre del av korsryggen set ifølgje Sogn Avis sistnemnde ut av spel resten av sesongen. Karadas soner karantene grunna tre gule kort.

– Ein klarer ikkje å unngå karantenar, men no får Ricardo Santos, som har vore ute lenge, sjansen til å restarte og overtyde litt. Det har vi stor tru på vil gå bra, seier assistenttrenar og analyseansvarleg Tom Mangersnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad.

TRENARTEAM: Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad reiser til Sandnes utan Azar Karadas.

Foto: Øystein Fossum

Blir to om «krigen»

Duellsterke Karadas har så langt scora tre mål for Sogndal, men har likevel vore ei sentral brikke i Sogndal sin gode vårsesong.

– At han er ute, betyr at dei to i front får vere to om dei same krigane som Azar tek åleine, seier Mangersnes og meiner Sogndal skal klare seg godt sjølv om dei ikkje har ein Karadas som går i front.

– Nøkkelen for oss er å vere gode på dei tinga vi var gode på før ferien. Malick eit viktig våpen om vi får sett han opp ein mot ein mot backen. Det gjer han god, og det gjer oss gode. Samstundes blir det å utnytte dødballane vi får, og å halde roa.

Viktig Malick

– Vi veit det blir tett og intensivt, og må lukke kampen gjennom nøye forsvarsspel og fasen når vi vinn ballen. Då har vi individualistar, som Malick, som er gode nok til å vere tyngda på vektskåla, held Mangersnes fram og avsluttar:

– Men vi vil ikkje vere med på noko «Hawaii-fotball» der ballen går frå det eine laget til det andre. Det passar ikkje oss.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.