Hopp til innhold

Tidenes julegåve til engelske fotballfans

Han rakk å sitje på tribuna i to ligakampar same dag, og fekk med seg ein firemålsscorar og to hat-trick – og totalt 21 mål. "Boxing Day" for 50 år sidan vart eit ellevilt målshow utan sidestykke i England.

West Ham - Blackburn

Nettsus de luxe: Andy McEvoy (liggande framfor mål) har nettopp lagt på til 3–1 for Blackburn med eitt av dei 66 måla som vart scora på ti kampar den dagen. Blackburn vann 8–2 til slutt, men kampen var ikkje dagens mest målrike

Foto: Personalities / Topfoto

"Mad, mad, mad, mad world of soccer" var Daily Mirrors tittel. – Forsvarsspelarane hadde verkeleg gått inn i rolla som julenissar, skreiv reporter Harry Miller.

Det regna mål i bøtter og spann. Det var den dagen tribunefolket i England fekk meir valuta for inngangspengane enn nokosinne. "Boxing Day" for 50 år sidan gløymer ingen som fekk oppleve denne dagen.

Sjå resultat og kampomtaler lenger nede i artikkelen.

"The goalden era"

Vel var slutten av 50-talet og byrjinga av 60-talet tida for "goals galore" – eller "the goalden era", som nokon har valt å kalle det. Men "Boxing Day", 26. desember, i 1963 tok kaka.

10 av 11 kampar i serierunden vart spela andre juledag i 1963. Det gav 66 mål, eller 6,6 i gjennomsnitt. Aldri har så mange kampar på same dag gitt eit slikt resultat.

Såg 21 mål på ein dag

– Eg rakk to kampar og fekk med meg 21 mål den dagen, minnest signaturen "geobra" som skriv i kommentarfeltet til Daily Mails nettutgåve.

Han var på West Ham–Blackburn som hadde tidleg avspark kl. 11.00. Så tok han undergrunnen til den andre sida av London og rakk dermed Fulham–Ipswich klokka 15.00.

Førstnemnde kamp enda 2–8, den andre 10–1.

– Eg fekk med meg ein spelar med fire mål og tre hat-trick i tillegg. Ein slik dag kjem aldri att, skriv "geobra".

– Det var heilt vilt

Alan Mullery

–Dobbelkampane i jula kunne gje dei raraste resultat, seier Alan Mullery, sjølv målscorar i Fulhams 10-1-siger

Foto: Don Morley / Getty Images

– Eg hugsar den kampen veldig godt. Det var heilt vilt. Vel hadde vi eit godt lag på den tida, med namn som George Cohen, Bobby Robson, Graham Leggat og ikkje minst landslagskaptein Johnny Haynes, seier Alan Mullery i eit intervju med Daily Mail .

– Men noko slikt var eg aldri med på verken før eller seinare.

Den skotske landslagsmannen Leggat scora fire av Fulhams mål, deriblant hat-trick i løpet av tre minutt i første omgang.

Mullery sjølv – 22 år på den tid – skulle seinare få ein stor karriere med Tottenham og England. Likevel står 10-1-kampen i 1963 langt framme i minnet når han ser seg tilbake. Sjølv scora han det niande målet for Fulham den ettermiddagen.

– Eg veit ikkje heilt kvifor det vart så mange mål den dagen. Men av ein eller annan grunn kunne dobbelkampane i jula gje dei raraste resultat. Du kunne vinne stort den eine dagen og tape like stort mot same motstandar dagen etter, seier Mullery.

– Han var den einaste som var edru

Det finst andre mogelege grunnar til dei mange rare juleresultata.

Den rutinerte frilans-sportsjournalisten Norman Giller dekka kampen. Han spurde Ipswichs nokså eksentriske og frittalande styreformann John Cobbold om kva som gjekk gale.

– Keeperen vår var den einaste edru spelaren på laget, var svaret.

Det var velkjent at også spelarane ofte hadde teke i del i julefeiringa, og derfor ikkje nødvendigvis var i toppform til det hektiske juleprogrammet.

Dei andre vart tydelegvis edru etter kvart. To dagar seinare vann Ipswich returkampen 4–2 heime på Portman Road.

Tradisjon med dobbelkampar

Frå tidleg i førre hundreåret og fram til første halvdel av 60-talet var det tradisjon at same klubbane møttest heime og borte i jula – fram til midt på 50-talet var det svært ofte 1. og 2. juledag. I 1963 gjekk returkampane frå "Boxing Day" to dagar seinare. Med Ipswich-siger 4–2 over Fulham og West Ham-siger 3–1 borte mot Blackburn på resultatlista.

Liverpool-spissen Ian St. John har ein teori om kvifor det var mange fleire mål i kampane på den tida.

– Ingen tenkte defensivt då eg kom inn i profesjonell fotball. Heime på Anfield gjekk vi i angrep heile tida, og også borte var det om å gjere å angripe. Du høyrde aldri nokon snakke om å stenge att bakover, seier St. John.

– Ta julefeiringa til sommaren

Bill Shankly

Liverpools legendariske manager Bill Shankly bad spelarane vente til sommaren med å feire jul

Foto: Central Press / Getty Images

Han vil ikkje direkte kommentere teorien om kva julefeiringa hadde å bety for spelet i julekampane. Men hans dåverande sjef, den legendariske manageren Bill Shankly, stramma iallfall inn.

– Jula kan de feire til sommaren, sa Shankly.

Liverpool vann ligaen den sesongen, og spela derfor i europacupen (forløparen til meisterligaen) sesongen etter.

– Ute i Europa vart vi nøydde til å begynne å tenkje defensivt. Det var noko nytt for oss. Men slik reglane var, måtte vi konsentrere oss om å halde mykje meir på ballen, og ikkje sleppe inn mål heime. Dette førte til store endringar for oss, og etter kvart også for andre lag i England, seier Ian St. John.

Liverpool skulle kome til å spele i Europa dei neste 20 sesongane på rad.

Åtte av ti kampar med minst seks mål

Kanskje har han rett. Fulhams ti mål denne Boxing Day for 50 år sidan er iallfall siste gong det er scora tosifra i øvste divisjon i England.

Åtte av dei ti kampane den dagen hadde seks mål eller meir.

"Boxing Day" har stort sett alltid vore den største av alle dagar på den engelske fotballkalenderen. Bortsett frå når dagen fall på ein søndag, men det er ei anna historie.

Hengemyrer og puddingar

Denne dagen i 1963 var typisk engelsk vinter: Sur, grå og våt, og med tunge grasmatter som ikkje akkurat inviterte til finspel. "Quagmire" (hengemyr) og "pudding" er ord som går att i avisene sine kampreferat.

Men slike bagatellar hindra ikkje publikum i å møte opp i titusenvis. Dette var det dei fekk sjå:

West Ham–Blackburn 2–8

Blackburn hadde gått ni kampar utan tap og var serieleiar. Motstandar West Ham–som ikkje hadde vunne ein kamp på nesten to månader–hadde Bobby Moore, Geoff Hurst og Martin Peters i lagoppstillinga, men var sjanselause mot ligaleiaren i denne kampen på ein pudding av ei bane. Fred Pickering og Andy McEvoy laga begge hat-trick. Allereie ved pause leia Blackburn 4–0.

Ifølgje rapportane var kampen mykje jamnare enn resultatet fortel. West Ham vart ikkje bua av banen, men Blackburn fekk derimot enorm applaus. Johnny Bourne vart tomålsscorar for West Ham, men det hjelpte ikkje stort.

– Alt West Ham gjorde, gjekk gale. Alt Blackburn gjorde var kaldt kalkulert og rett utført, skreiv The Guardian.

Men West Ham skulle få sin søte hemn. Returkampen i Blackburn to dagar seinare vann West Ham 3–1.

West Bromwich–Tottenham 4–4

37.000 hadde møtt fram, mange av dei frå London i håp om å sjå Spurs overta tabelltoppen. To angrepsvillige lag scora og scora. Tottenhams scoringsmaskin Jimmy Greaves sette inn to mål, seks andre spelarar scora eitt kvar i målfesten.

Fire dagar tidlegare hadde West Bromwich-spelarane gått til streik mot kravet om å bruke shorts på trening i kuldegrader. Striden var så vidt løyst før avspark på Boxing Day.

Trøbbelet heldt likevel fram for heimelaget. Dei låg under både 3–1 og 4–2–og hadde bomma grovt på eit straffespark. Men mot slutten hadde dei tydelegvis sprunge seg varme i shortsane sine og utlikna.

Og dei var tydelegvis framleis varme i kortbuksene sine i returen på White Hart Lane to dagar etterpå då dei vann 2–0. Dermed klarte ikkje Tottenham å innta tabelltoppen, noko dei hadde gjort med siger.

Liverpool–Stoke 6–1

Roger Hunt

Roger Hunts fire mål mot Stoke sende Liverpool på veg mot ligameisterskapet

Foto: Arthur Jones / Getty Images

Nesten 50.000 kom til Anfield for å sjå tredjeplasserte Liverpool knuse Stoke, og dei fekk det dei kom for. Det stod 1–1 etter ein jamn førsteomgang, men så var det berre Liverpool.

Og Roger Hunt. Han scora fire av Liverpools fem mål etter pause, og Liverpool var på kurs mot det som skulle bli ligameisterskap nokre månader seinare–klubbens første sidan 1947.

Hunt scora 31 av Liverpools 92 mål den sesongen. Stoke skulle få sin revansje dei også, med 3–1 heime på Victoria Ground. Men den kampen vart utsett på Boxing Day, og vart ikkje spela før på siste dagen av sesongen. Då var Liverpool allereie ligameister.

Fulham–Ipswich 10–1

Ipswich hadde sensasjonelt tatt ligatittelen i sin første sesong på øvste nivå eitt og eit halvt år tidlegare, men etterpå gjekk det berre nedover.

Likevel var julinga dei fekk på Craven Cottage uventa stygg. Skotten Graham Leggat scora fire av Fulhams mål, derav hat-trick i løpet av fire minutt.

Resultatet er framleis Fulhams største siger og Ipswichs største tap nokosinne. Det er også siste gong det er notert tosifra resultat i den øvste divisjonen i England.

Fulham hadde gitt spelarane kalkun i julegåve, og manager Bedford Jezzard hadde forklaringa: – Det var gode kalkunar, og her ser vi resultatet. Frå no av skal vi fóre dei med kalkun kvar einaste veke.

Ipswichs styreformann var langt meir nøktern. – Denne kampen kunne vippa begge vegar – heilt fram til avspark, sa han.

"Vi håpar gutane våre kan halde fram med den fine innsatsen dei viste i London", skreiv Ipswich-manageren i kampprogrammet til returkampen to dagar seinare. Programmet hadde tydelegvis gått i trykken før jul, lenge før "gutane våre" tapte 10–1.

Men Ipswich skulle få sin søte revansje i returkampen to dagar seinare. Då vann dei 4–2. Likevel rykka Ipswich ned etter sesongen, berre to år etter at dei hadde teke ligagullet. Og det med 121 baklengsmål.

Burnley–Manchester United 6–1

Dette var dagens mest overraskande resultat. Trass Bobby Charlton, Paddy Crerand, Bill Foulkes og resten av "Busby Babes": Manchester United vart utspela av Burnley denne våte ettermiddagen. Andy Lochhead sette inn fire av scoringane. Men det var likevel 18 år gamle Willie Morgan som var den store openberringa.

– Hans spel var av dei beste eg har sett av ein så ung spelar, skreiv The Guardians reporter om Morgan, som scora dei to andre måla–hans første for Burnley–og som nærmast styrte kampen åleine i andre omgang.

Willie Morgan skulle seinare bli United-spelar og ta del i klubbens store suksess nokre år seinare.

Og medan vi snakkar om revansje: Heime på Old Trafford to dagar seinare vann United returkampen 5–1.

Blackpool–Chelsea 1–5

– Dette var massakre. Alle skulle gått heim etter første omgang, skreiv Daily Mirror. Då leia stod det 4–0 til laget som hadde feira jula på hotell langt heimanfrå.

Barry Bridges scora to av måla. Den seinare suksess-manageren og landslagssjefen Terry Venables–som skulle runde 20 år berre nokre dagar seinare–avslutta scoringane.

Nottingham–Sheffield United 3–3

Nottingham leia 3-0, men Uniteds sterke spurt gav poengdeling. Mick Jones scora to av Uniteds mål. Han skulle seinare bli sentral i Leeds' suksessrike lag på slutten av 60- og starten på 70-talet.

Wolverhampton–Aston Villa 3–3

Medan dei andre banene var fullstappa, var det romsleg på tribunane i lokalderbyet i West Midlands. Men dei som kom, fekk valuta.

Sheffield Wednesday–Bolton 3–0

Wednesday var eitt av dei aller sterkaste heimelaga, og hadde ingen problem mot Bolton. Colin Dobson scora to. Men Bolton–som skulle kome til å rykke ned etter sesongslutt–vann returen to dagar seinare med 3–0.

Leicester–Everton 2–0

Her var det ikkje så mykje nettsus. Ken Keyworth scora begge mot dei regjerande ligameistrane. På Leicesters lagoppstilling fanst komande VM-vinnar Gordron Banks og Frank McLintock som skulle spele i sentral rolle for Arsenals double-lag i 1971.

I etterkant var det på denne dagen hegemoniet i Liverpool–og i ligaen–svinga frå blått til raudt. Det var iallfall TheSuns oppsummering. "The pendulum of power on Merseyside had tellingly swung from blue to red, skreiv avisa".

Det vart understreka to dagar etterpå då Leicester vann 3–0 på Goodison Park.

Everton hadde dei ti siste åra vore best i Merseyside og var regjerande ligameister. Men dei var med tapet i Leicester for alvor i ferd med å gleppe taket i kampen om tabellteten–sjølv om dei til slutt enda på tredjeplass.

Liverpools 6-1-siger var derimot starten på oppturen som tok dei til ligagull den sesongen og tallause andre triumfar dei neste 25 åra.

160 ligamål på ein dag

Den 11. kampen i runden (det var 22 lag i toppdivisjonen på den tid) var spela i november. Arsenal slo Birmingham 4–1–men ein kamp med "berre" fem mål ville faktisk ha trekt snittet ned.

Det kan også vere verd å nemne at på nivå 2 same dag slo Manchester City Scunthorpe med 8-1, der to mann laga hat-trick og ein vart tomålsscorar.

Berre for å understreke kva slags dag det var. I alt vart det notert 160 mål på 39 kampar i dei fire divisjonane i ligaen den dagen.

Those were the days ....

Fotball

  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland