NRK Meny
Normal

Tidenes fotball-leksjon

– Dei vart utspelte og audmjuka på ein måte ingen på Dei britiske øyane hadde hatt mareritt om eingong. Og bak det heile stod til og med ein engelskmann. Men lærte England eigentleg noko av det?

Nandor Hidegkuti

Audmjukinga er fullkomen: Nandor Hidegkuti set inn sitt tredje og Ungarns sjette på Wembley i 6-3-sigeren

Foto: Dennis Oulds / Getty Images

England - Ungarn

Den gamle og den nye tid: Englands kaptein Billy Wright og hans ungarske kollega Ferenc Puskas i vennskapeleg vimpel-utveksling før kampstart

Foto: AP

Måndag er det 60 år sidan. 105.000 tilskodarar fylte tribunane på Wembley. England, fotballens heimland og fotballens aristokratar, skulle ta imot "dei uovervinnelege magayarane" frå Ungarn og vise dei kvar fotballen høyrde heime.

Det gjekk heilt gale. Ungarn vann 6-3, det kunne vore 8–0. Ungarn vann skotstatistikken 35–5. Aldri hadde England vore så til dei grader utspela og audmjuka. I løpet av 90 minutt var Englands nokså oppblåste sjøvbilete smadra.

– Vi trudde vi skulle øydelegge dette laget. Vi var England, og vi var på Wembley. Vi var lærarane, dei var elevane. Det var det vi trudde. Så gjekk det så fullstendig den andre vegen, sa den seinare landslagssjefen Bobby Robson etterpå.

Den då 20 år gamle Fulham-spelaren var blant dei mange tusen på tribunane.

– Vi såg ein spelestil og eit system vi aldri hadde sett før. Med sin tekniske brillianse spelte dei oss ut i 90 minutt. Denne kampen åleine førte til at vi måtte tenkje fotball på ein heilt ny måte, sa han til BBC. Robson skulle sjølv som landslagssjef føre England til semifinale i VM i 1990.

Men i Ungarn – og i andre land – hadde dei sett det lenge: England såg på seg sjølve som aristokratar i fotball, og isolerte seg. Dei likte ikkje kontinental fotball.

Og Ungarn var trass alt topprangert. England var rangert som numemr tre.

Hadde tapt for USA

Ingen i England var i tvil om at dei var beste laget i verda på den tida. Så suverene var dei i eigne auge at dei ikkje hadde brydd seg om å delta i VM til då. Bortsett frå VM i Brasil tre år tidlegare. Då tapte dei for USA – utan at dei hadde teke faresignalet alvorleg.

Dei hadde ofte tapt for Skottland, med 1–5 på Wembley i 1928 som det verste. Men det gjorde ikkje så mykje, ettersom det stort sett var spelarar frå den engelske ligaen på begge lag.

Dei hadde også tapt for Ungarn tidlegare, i Budapest i 1934.

Orsakingane for det var mange: Ukjende omgjevnader, varmt klima, feil årstid, skadeforfall og andre forfall.

Men England hadde aldri tapt heime for kontinental motstand. Denne skulle gå på sjølvaste Wembley. Og denne gongen fanst det ingen orsakingar. Det var Wembley, det var britisk haustvêr, og England stilte med sine største stjerner.

Totalfotball

England - Ungarn

Her går det gale for England igjen: Ferenc Puskas set inn Ungarns tredje mål

Foto: William Vanderson / Getty Images

I fotballverda elles var ikkje resultatet like overraskande. Ungarn hadde bygt opp eit sterkt lag etter at landet var innlemma i det kommunistiske Europa etter krigen. Landslagssjef Gusztav Sebes bygde stammen på eitt lag – Budapest-klubben Honved. Han såg fordelen med at nøkkelspelarane kjende kvarandre som på eit klubblag.

Og han valde spelarar som var fleksible og kunne spele på dei fleste plassane. Dermed kunne dei skifte posisjon lynraskt i løpet av kampen. Ungarns spel var forløparen både til 4-2-4-systemet som Brasil stormtok verda med i VM i 1958, og til Nederlands totalfotball på 70-talet.

Det hadde gitt resultat. Ungarn kom til Wembley etter tre og eit halvt år utan tap, og med eit OL-gull i 1952 på vegen. Namn som Ferenc Puskas, Sandor Kocsis og Nandor Hidegkuti var stjerner i det meste av fotballverda.

Og dei hadde gjort heimelsaksa. I ei notatbok som nettopp er funnen, og som har tittelen "Den taktiske planen for kampen i London" gir landslagssjef Gusztav Sebes ein lite flatterande karakteristikk av motstandaren.

– Dei har ein spelestil som gjekk ut på dato for 20 år sidan. Alf Ramsey er treig og blir fort sliten, og Stanley Matthews er det ikkje noko spesielt med, var mellom karakteristikkane i boka.

Sebes var ikkje i tvil om at Ungarn ville vinne kampen på Wembley. Han hadde allereie lova kommunistleiaren i Ungarn det.

– Som ein wienervals

Jimmy Hogan

Jimmy Hogan får ein stor del av æra for ideane bak det ungarske fotball-underet etter den andre verdskrigen

Foto: Getty Images

Og ein engelskmann får ein heil del av æra. Jimmy Hogan hadde allereie før første verdskrig reist til Mellom-Europa som trenar. Han var der til langt opp på 30-talet, og i Austerrike, Ungarn og Tyskland jobba han for idear om spelarar som skulle vere samspela som i eit klubblag og som skulle ha individuell dugleik – og som skulle kunne spele på mange plassar i laget.

Med andre ord tankane bak "totalfotballen" som skulle slå gjennom 40–50 år seinare.

– Han samanlikna fotball med ein wienervals, sa Tommy Docherty. Den seinare Chelsea- og Manchester United-manageren hadde Hogan som sjef i Celtic, og var ein av dei relativt få i Storbritannia som tok til seg Hogans fotballfilosofi. – Ein vals med rytmen "one-two-three, one-two, three, pass-move-pass, pass-move-pass", hadde Hogan sagt.

Han får ein stor del av æra for fotballfilosofien som låg til grunn for "Dei uovervinnelege magayarane" etter den andre verdskrigen.

– Jimmy Hogan lærte oss alt vi kan om fotball, sa den dåverande ungarske fotballpresidenten Sandor Barcs.

Men i England hadde dei færraste høyrt om dei ungarske spelarane då dei sprang ut på Wembley denne novemberkvelden. For England hadde Billy Wright, Stan Mortensen og Stanley Matthews – det var stjerner, det.

– Dei har ikkje skikkeleg utstyr

England - Ungarn

Innmarsjen. Ungarn (mørke trøyer) hadde mindre og lettare drakter og sko enn England

Foto: Hulton Archive / Getty Images

Rare drakter hadde ungararane også.

– Då vi gjekk gjennom tunnelen og ut på Wembley, såg eg at dei hadde spesielle sko, kutta under anklane, omtrent som eit slags tøflar. Eg sa til Stan Mortensen at "dette skal gå greitt, Stan. Dei har ikkje eingong skikkeleg utstyr", sa England-kaptein Billy Wright.

Utstyret var ikkje tilfeldig. Det var mykje lettare enn det tradisjonelle som England bar.

Så grundig gjekk Ungarn til verks at dei i vekene før kampen trena med tyngre ballar enn dei vanlegvis brukte. Dei engelske lærballane var tunge nok i utgangspunktet og vart ekstra tunge på våte dagar.

Den totale undervurderinga kom til syne frå avspark. England spela sitt tradisjonelle WM-system – ein revolusjon på 1920-talet, men håplaust utdatert nesten 30 år seinare. Dei stadige posisjons-endingane var det ingen engelskmenn som forstod.

Englands midtstoppar Harry Johnson hadde som oppgåve å markere Hidegkuti – Ungarns nummer 9. For nummer 9 var alltid centre forward – midtspiss i England. Men Hidegkuti var stort sett midtbanespelar, og Johnson vart derfor trekt langt ut av posisjon stadig vekk.

Det var Kocsic og Puskas som oftast var i spissposisjon – men dei hadde nummer 8 og 10. Ikkje rart dei stakkars engelskmennene vart forvirra.

Mareritt i 90 minutt

Ferenc Puskas

Ferenc Puskas var storstjerna på det ungarske landslaget. Etter den sovjetiske innmarsjen i Ungarn i 1956, flykta han til Spania og vart megastjerne i Real Madrid

Foto: Harry Todd / Getty Images

Legg til at dei ungarske spelarane hadde moderne og lette drakter og sko, og at dei stort sett var betre trena enn engelskmennene. Derfor gjekk det som det måtte gå.

Kampen vart eit 90 minutt langt mareritt for England. Nandor Hidekuti scora etter berre 45 sekund. Jackie Sewell utlikna rett nok etter eit kvarter, men dette var Ungarns kveld. I løpet av ni minutt hadde Hidegkuti og Ferenc Puskas (2) sendt Ungarn opp i 4–1. Stan Mortensen reduserte før pause.

Andre omgang var som den første. Joszef Boszik sette inn eit nytt for Ungarn, og Hidegkuti fullførte sitt hat-trick før Alf Ramsey avslutta med scoring på straffe.

England var grusa og audmjuka med 6–3 i eiga storstove. 105.000 menneske trudde ikkje det dei hadde sett.

England fekk totalslakt i heimleg presse. Berre Stanley Matthews (38 år på den tida) fekk nokolunde heiderleg omtale.

Seks spelarar fekk sparken

Ungarn hadde bevist at fotballen hadde gjort store framsteg utan at fotballens heimland hadde fått det med seg.

Men hadde England lært noko denne kvelden?

Iallfall ikkje noko som gav umiddelbare resultat. Men seks av dei 11 engelskmennene hadde spela sin siste landskamp. Mellom dei var Alf Ramsey, som skulle få sin revansje som landslagssjef for laget som tok VM-gull 13 år seinare.

Men den ungarske leksjonen sette sine spor i England. Fleire trenarar forstod at dei måtte sjå utover dei britiske grensene for å få nye impulsar. Manchester United-legenda Matt Busby var mellom dei første, og han pressa på for å få sin klubb med i europacupen som tok til midt på 50-talet – ei deltaking som fotballforbundet var sterkt imot.

Landslagssjefen fekk halde fram

Walter Winterbottom

Englands landslagssjef Walter Winterbottom fekk ikkje sparken etter audmjukinga på Wembley, men la etter kvart om til eit meir fleksibelt system

Foto: Monty Fresco / Getty Images

Landslagssjef Walter Winterbottom fekk likevel ikkje sparken. Han sat i stillinga si i endå ti år, heile tida med det gamle systemet der det endeleg landslagsuttaket vart gjort av ein uttakings-komité.

Det er 6-3-tapet han blir hugsa for. Det er nok litt urettferdig, for han hadde i lang tid påpeika behovet for betre trenarutdanning i England. Han hadde også fått ansvaret for dette, i tillegg til jobben som landslagssjef.

Men det var ein tung materie å jobbe med. Få i FA såg behovet. Ikkje før denne kvelden på Wembley. Då såg også dei at noko mangla.

Dermed vart også Winterbottoms jobb lettare i dei påfølgjande åra. Fleire unge trenarar og managerar skulle sette sitt preg på den engelske fotballen, som Ron Greenwood, Bobby Robson, Bill Nicholson, og kanskje framfor alt Alf Ramsey.

– Då han gav seg i 1963, hadde han lagt grunnlaget for VM-gullet i 1966. Og Ungarn-kampen i 1953 var grunnlaget, seier Graham Morse, som skreiv biografien om Winterbottom.

Då Alf Ramsey overtok i 1963, ville han ha full kontroll over landslaget sjølv. Ingen uttakingskomité skulle få ta ut laget. Han valde også delvis å bygge stammen i laget på ein klubb, West Ham. Og i 1966 gav dette VM-gull.

Men om julinga på Wembley den haustkvelden for 60 år sidan har hjelpt seinare, er langt meir uvisst. For det engelske landslaget har ikkje oppnådd stort etter 1966.

Knust også i returkampen

Der og då gav iallfall ikkje fotballsjokket resultat. I mai året etter møttest dei til returkamp i Budapest like før VM, der begge var med.

Då vann Ungarn 7–1 – til dags dato er det Englands største landslagstap. – Det var som å spele mot menn frå det ytre rom, sa Syd Owen etter kampen.

Og Ungarn? Dei heldt fram i same spor. Frå mai 1950 og fram til november 1956 tapte dei uovervinnelege magayarane berre ein kamp – uheldigvis VM-finalen i 1954.

50 kampar spela dei i denne perioden, og vann 42 av dei. Sju enda uavgjort, og 2-3-tapet for Vest-Tyskland i VM-finalen 4. juli 1954 var det einaste tapet.

Oppløyst av Sovjet-invasjon

Men storlaget fekk ein ulykkeleg slutt. 23. oktober braut det ut eit opprør mot det kommunistiske styret. 4. november rulla sovjetiske styrkar inn og knuste opprøret. 2500 ungararar vart drepne og 200.000 rømde frå landet i konflikten.

Ironisk nok hadde Ungarn møtt Sovjet i ein vennskapskamp (!) nøyaktig ein månad tidlegare og vunne 1–0 i Moskva. Sovjet var utan tap på heimebane tidlegare, og tapet gjorde ikkje akkurat tilhøvet mellom dei to landa betre.

Då invasjonen kom, var Honved i Spania for å spele europacup, og fleire av landslagsstjernene – mellom dei Ferenc Puskas, Zoltan Czibor og Sandor Kocsic – hoppa av og slo seg ned i andre land. Czibor og Kocsis skulle halde fram karrierane sine i Barcelona, Puskas i Real Madrid.

Landslagssjef Gusztav Sebes reiste til Brasil og vart delaktig i den brasilianske 4-2-4-stilen som slo gjennom i VM i 1958.

Men"dei uovervinnelege magayarane" hadde gått over i historia.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia