NRK Meny
Normal

Scora så mange at resultat-mannen fekk juling

Du har kanskje høyrt historia om Newcastle som tapte 1-9 i derbykampen mot Sunderland heime, og likevel vart ligameister. Men du visste kanskje ikkje at mannen med resultattavla på ein heilt annan kamp fekk juling av den grunn?

Sunderlands 9-1 over Newcastle

«MASSAKREN» I NEWCASTLE: Åtte mål på 27 minutt og 1-9 på heimebane. Likevel vart Newcastle suveren ligameister

Nokre lokalderby er ikkje som andre. Kampen i Nordaust-England 5. desember 1908 var definitivt litt utanom det vanlege.

Newcastle tapte 1-9 for Sunderland heime på St. James' Park. Fire månader seinare var dei ligameister.

Ikkje eingong ved pause i denne kampen var det noko som varsla at det skulle bli ein kamp utanom eit vanleg lokaloppgjer. Det stod 1-1 mellom rivalane halvveges.

Så følgde ein andreomgang med 28 minutt for historiebøkene.

Rivalar i fleire hundre år

Royalistar fyrer av

DET VAR SLIK DET BEGYNTE: Dei kongetru og Oliver Cromwells parlament-tru styrkar hadde mange fightar midt på 1600-talet, og Sunderland og Newcastle valde ulik side. Derfor har dei vore rivalar i mange hundre år

Foto: CHRIS HELGREN / REUTERS

For rivaler var dei og er dei, dei to store hamnebyane nordaust i England. Og rivaliseringa stikk uendeleg mykje djupare enn det som har med fotball å gjere, og går fleire hundre år tilbake.

Det oppstod på 1640-talet. Det var borgarkrig i England. Newcastle støtta kong Charles I, i Sunderland var det opprøraren Oliver Cromwell som hadde det meste av sympatien og støtten.

Slikt skapte til tider nærmast fiendskap, og sette spor som var djupe også etter borgarkrigen.

Rivaliseringa blomstra opp igjen under industri-utbygginga utover 1700- og 1800-talet. Kolgruvene og skipsverfta langs elva Tyne konkurrerte med dei langs elva Wear.

Den dag i dag meiner Wearside-byen Sunderland at Tyneside-byen Newcastle tok innersvingen og kom økonomisk best ut av det. På rivalens kostnad.

Over 50.000 på tribunene

Dette er bakteppet for ei fotball-rivalisering som har eksistert heilt sidan begge kom med i fotballigaen på 1890-talet. Og som i høg grad også var til stades denne desemberlaurdagen i 1908.

Men ingen kunne fatte det som skjedde på St. James' Park. Der heimelaget sine tilhengarar var frustrerte over at Sunderland styrte kampen og tok leiinga, og at lagets normalt kvasse angrepsrekkje måtte ha straffe for å utlikne.

Men i 1-1 halvveges låg det likevel håp. Over 50.000 var stua inn på tribunene – fleire toglaster frå Sunderland, men i det alt vesentlege Newcastle-fans.

45 minutts spel seinare var det ufattelege 1-9.

Og mannen med ansvar for resultat-oppdateringa på ei heilt anna bane, hadde blitt banka opp. Meir om det lenger nede i artikkelen.

Vanleg med bortesiger

Ramma den gongen var litt annleis enn i år. Begge klubbane var blant England fremste i byrjinga av det 20. hundreåret, og kjempa høgt oppe på tabellen. Newcastle – med to ligameisterskap i løpet av dei fire føregåande sesongane – var på andreplass. Sunderland var nummer seks før derbykampen.

At det vart siger for gjestene, var ikkje noko spesielt. Det var tvert imot heilt vanleg.

Det tok fem år før første nordaust-derbyet i ligaen gav heimesiger, og før denne desemberkampen hadde framleis langt dei fleste kampane gitt siger for bortelaget.

Men ikkje så til dei grader.

Denne kampen var i sesongens første Tyne-and-Wear-derby. Travel førjulslaurdag til trass, det var fullt hus.

George Holley

HATTRICK: George Holley sette inn hattrick i den elleville 28-minuttsperioden i andreomgang

Fleirtalet av dei 50.000 likte seg ikkje då Sunderlands kaptein Billy Hogg scora tidleg i kampen. Dei likte seg betre då Newcastle fekk straffe og Albert Shepherd utlikna like før pause.

Dette skulle nok gå vegen for dei svartstripete. Trudde dei.

Så feil kan ein altså ta.

28 minutt – åtte Sunderland-mål

For i andre omgang undra dei seg nok over om det gryande desembermørkret spela dei eit puss. Dei trudde iallfall ikkje det dei såg.

For Sunderland scora. Og scora. Og scora. Åtte gonger i løpet av berre 28 minutt mot slutten av kampen – kortare og kortare tid mellom scoringane. 1-9!

Resultatet var den største bortesigeren i ligaens 20 år lange historie. Og den er tangert berre ein gong seinare.

Ingen hadde sett det kome heller.

Newcastle hadde slått Nottingham 4-0 borte helga før, og sleppt inn berre 13 mål på 15 kampar – færrast i heile divisjonen. Sunderland på si side kom frå 0-1 heime for Notts County.

Og så dette!

«Lett som å fyre opp ein sigarett»

Men pressa var ikkje like tabloide då som no. Resultatet fekk ikkje krigsoverskrifter.

«Ein merkverdig kamp i Newcastle», skreiv Manchester Guardian nøkternt.

Andre forstod litt betre at dette var ein historisk kamp:

«Når dei skjeggelause ungdomane (i Sunderland) har blitt besteforeldre, vil dei samle barneborna rundt seg og fortelje om heltane som reiste til Newcastle og knuste dei som om dei var frå ein heim for blinde», skreiv Athletic News.

«Aldri har eg sett angrepsspelarar som har gripe sjansane sine med større iver og kraft», skriv reporteren.

«Sunderland-angriparane gjekk i posisjon gong etter gong, etterlet motstandarane i fullt kaos, og bombarderte målet så lett som om dei fyrte opp ein sigarett», heitte det i eit anna referat.

Fekk juling på 1-5

Samstundes, om lag 20 kilometer unna «massakren» i Newcastle:

På Roker Park i Sunderland spela dei same klubbane reservelagskamp på nøyaktig same tid. Der var det fullt hus, nærmare 30.000 tilskodarar. Og alle var svært interesserte i utviklinga i ligakampen i nabobyen eit par mil lenger nord.

Derfor hadde Sunderland rigga til med den tids live-oppdatering – ein diger flip-over på eine sida av bana, og ein som stod i telefonkontakt med St. James' Park og som skullevende blada og ajourføre stillinga.

Stakkaren ved flipoveren fekk si fulle hyre med å gjere jobben sin då scoringane rann inn raskare og raskare.

På stillinga 1-5 fekk han juling. Publikum trudde han dreiv ap med dei, og nokre av tilskodarane kom ned for å ta han.

Historia fortel ikkje om han måtte forlate sin post eller om han fekk med seg dei fire siste måla også.

Billy Hogg og George Holley scora begge hattrick. Derfor er dei skrivne nærmast med gullskrift inn i Sunderland-historia.

Tilbake til normalen

Newcastle-publikum

PUBLIKUM: Slik kunne det sjå ut på St. James' Park tidleg på 1900-talet. Bana hadde plass til 30.000 i 1901, då biletet vart teke, men vart bygd ut til å ta over 50.000 nokre få år etterpå. Og Newcastle tok fleire ligagull på den tida

Ein skulle tru at 1-9 ville knuse alt av lagmoral for lang tid. Og at 9-1 vill gi tilsvarande flyt. Men nei.

Helga etter var alt snudd på rett kjøl igjen. Sunderland tapte 0-2 for Bristol City heime på Roker Park. Det rare er at berre 10.000 tilskodarar – ein tredel av kapasiteten – hadde møtt fram for å sjå heltane frå derby-kampen veka før.

Newcastle reiste til London og slo Chelsea 2-1. Og då sesongen var slutt, hadde Newcastle teke eit suverent ligameisterskap. Sunderland sikra seg bronsen, men var ni poeng bak ligalrivalen. Og det i ei tid då siger gav berre to poeng.

Faktisk tapte Newcastle berre ein av dei 16 neste ligakampane, fram til returkampen i Sunderland. Der ville Newcastle sikre seg ligameisterskapet med siger.

Men igjen øydela Sunderland dagen, om enn med langt meir beskjedne 3-1.

To dagar etterpå slo Newcastle tittelrival Everton 3-0 og sikra ligameisterskapet.

Men i cupen fekk Newcastle revansje. Naboane møttest i 4. runde, og etter 2-2 på St. James' Park vann Newcastle 3-0 i omkampen i Sunderland.

70.000 ville på langfredagskamp

Rivaliseringa tok dei med seg inn i fotballen. Sunderland kom med i ligaen i 1890, Newcastle tre år seinare.

Dei møttest for første gong i ligaen julafta 1898, og Newcastle vann 3-2 på Roker Park. Trass i at det var dagen før britane si tradisjonelle julefeiring var det fullt hus, og 20 ekstratog var sette opp for å frakte bortefansen dei tjue kilometrane til nabobyen.

Dei hadde nok ei fin førjulsfeiring på toget heim igjen.

Langfredag 1901 møtte 70.000 fram for å sjå lokalderbyet på St. James' Park, som på den tid hadde plass til berre 30.000.

Dei stakkars 25 politimennene som var på jobb hadde ingen sjanse til å hindre dei i å gå inn på bana og ut på graset. «Kampen blei avbroten før det var sparka ein ball», som det står i referatet.

Derbykampen blei utsett i tre veker, og berre 20.000 møtte fram då Sunderland sikra seg ligatittelen med 2-0 over heimelaget. Men det var kanskje fordi kampen gjekk på ein onsdag. Det var ingen flomlys i dei dagar.

Venta på revansje i 47 år

Newcastle måtte vente i 47 år før dei fekk eit resultat som nærma seg ein fullgod revansje for 1-9. Men 2. juledag – Boxing Day – i 1955 vann Newcastle 6-1 på bortebane. Klubblegenden Jackie Milburn scora to av måla.

Les også: Topp 10 Tyne-and-Wear-derby

Søndag møtest rivalane for 152. gong i liga og cup, på Sunderlands relativt nye bane Stadium of Light. Denne gongen er begge klubbane solid planta i botnen av tabellen.

Newcastle tok sin første siger med solide 6-2 over Norwich sist helg og er tredje sist. Sunderland er heilt sist utan siger og stiller med ny manager til denne kampen.

Og dei raudstripete jaktar sin sjette strake ligasiger over dei svartstripete. Ikkje sidan august 2011 har Newcastle slått naboen. Det var på bortebane, sjølvsagt.

Dessutan kunne dei ta metroen. Tyne and Wear Metro har eksistert i Tyneside sidan 1980. Men først i 2002 – etter 22 års venting – vart bana forlenga til Sunderland.

Sunderland kjende seg igjen nedprioriterte av det dei meiner er ein altfor mektig nabo i nord. Og det har ikkje akkurat gjort rivaliseringa mindre, det heller.

Laster innhold, vennligst vent..

PS: Det var Wolverhampton som langt om lenge tangerte Sunderlands bragd og vann ein bortekamp på øvste nivå med 9-1. Det skjedde i september 1955, og Cardiff var motstandar.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.