Snudde både kampen og VM-skjebnen

Tyskland er fastlimt i førarsetet, men Sverige sit godt plassert i framsetet. Fredag snudde dei nemleg til 2-1-siger borte mot Irland – med ein superveteran i front.

Anders Svensson

Anders Svensson jublar etter å ha sett inn 2–1 borte mot Irland.

Foto: NIGEL RODDIS / Reuters

– Det har vore eit enormt press. Litt vinn eller forsvinn, sa Anders Svensson til svenske Kanal 5 etter kampen.

Om lag 35 minutt før intervjuet hadde Svensson sendt Sverige til himmels, då han scora 2–1 borte mot Irland.

Før det hadde Robbie Keane sendt Irland i leiinga, før Johan Elmander utlikna til 1–1 i første omgang.

Thomas Ravelli ber for seier

Thomas Ravelli er ei levande legende i Sverige.

Foto: PRESSENS BILD / Scanpix

Kan gå forbi Ravelli

– Det kjennest fantastisk, konkluderte den svenske superveteranen.

Svensson er nemleg 37 år, men den tidlegare Southampton-proffen held det framleis gåande i Elfsborg og Allsvenskan.

Ikkje nok med at han blei matchvinnar:

Kampen mot Irland blei Svensson sin 143. kamp. Det er ei tangering av den svenske rekorden for flest landskampar, til no heldt åleine og suverent av keeperlegenda Thomas Ravelli.

– Det er litt uverkeleg, sa Svensson–som i Sverige sin kamp mot Kasakhstan neste tysdag kan bli eineveldande rekordhaldar.

Joachim Loew og Miroslav Klose

Miroslav Klose saman med Tyskland-trenar Joachim Loew.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

Klose tangerte Müller

Éi enorm tangering i Irland, ei anna i Tyskland.

Då Tyskland leika seg med Austerrike, og vann heile 3–0 på Allianz Arena i München, scora Miroslav Klose for tyskarane.

Det blei veteranspissen si 68. scoring–ei tangering av scoringsrekorden til Gerd Müller.

– Det har lenge vore eit spørsmål om kor lang tid det tek før han slår rekorden min. Eg er verkeleg glad på hans vegner. Miro er ein eineståande spiss og hyggjeleg fyr. Han fortener rekorden, sa Müller før kampen.

Tangeringsscoringa til Klose opna ballet mot Austerrike etter 33 minutt, før Toni Kroos og Thomas Müller sette inn 2-, og 3–0.

I Sverige si gruppe er no Tyskland i førarsetet med 19 poeng, følgt av Sverige med 14. Austerrike og Irland er dei einaste som kan truge Sverige med 11 poeng kvar.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.