NRK Meny
Normal

- Trur meir på Noreg enn Danmark

Noregs skjebnekamp mot Danmark blir ikkje ein målfest, meiner svenske eliteserieprofilar.

Prica og Dorsin

«NOLL-NOLL»: Rosenborgs svenskar Rade Prica (tv) og Mikael Dorsin (th) er skeptiske til at bataljen mellom Noreg og Danmark blir ein målfest.

Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

– Eg tippar 0-0, seier Rade Prica.

Rosenborg-spissen er skråsikker når han spår resultatet i «Slaget om Norden» mellom Noreg og Danmark laurdag.

Denne spådommen er han ikkje aleine om. Pricas svenske klubbkollega, Mikael Dorsin, trur også på uavgjort og mållaust oppgjer på Ullevaal.

– Det er tidleg på året og ingen vil tape denne kampen, seier Dorsin.

  • Blir det målfest på Ullevaal? Diskutér nedst i artikkelen!

Norge er sterkast

Men eliteseriespelarane er klar på kva nasjon dei håpar stikk av med tre poeng i krigen om EM-plass.

– Eg har ei kjensle av at Noreg har det sterkaste laget. Dei har heimebanefordelen også, seier Dorsin.

Gutta jubler etter Huseklepps scoring

MÅLKALAS: Det norske landslaget feirar 3-0 scoringa i firemålssigeren mot Skottland på Ullevaal i 2009. Kan det bli nok ein storeslem for Noreg mot Danmark?

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Noreg er sterke defensivt, og scorar ikkje mykje mål. Men om eitt av laga skal vinne må det bli Norge som vinn 1-0, fortel Prica.

– Likar du ikkje Danmark?

– Joda. Eg synst både Noreg og Danmark er bra. Men håpar litt ekstra på Noreg, seier Prica.

Men skal ein tru Prica er ikkje sjølvsagt at Norge får det problemfritt på heimebane.

– Om Bendtner er skadefri bør dei passe seg for han, seier Prica.

Ikkje urettferdig

Medan Rosenborgspelarane sin nasjon speler EM-kvalifisering mot Moldova i Sverige, er alle auger retta mot «Slaget om Norden» i resten av Skandinavia.

At møtet mellom Noreg og Danmark får dette namnet er ikkje urettferdig overfor Sverige, meiner dei to.

Erik Huseklepp

AVGJØR: Stabæk-spelar Johan Andersson spår at Erik Huseklepp scorar det avgjerande målet.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Då Sverige og Danmark var i same gruppe i VM-kvaliken for to år sidan var dette «Slaget om Norden». Det er bare naturleg at Noreg mot Danmark blir kalla det same når dei no slåst om EM-plass, seier Prica.

– Huseklepp avgjør

Høgast på FIFA-rankingen ligg Norge på 11. plass, Danmark kjem som nummer to i Skandinavia på 28. plass.

Når Sverige då ligg under desse på 30. plass er det kanskje ikkje unaturleg å kalle slaget på Ullevaal for eit slag om Norden.

– Men eigentleg har Sverige det beste laget, seier Stabæk-spelar Johan Andersson.

(artikkelen held fram under biletet)

Anderson

SPÅR SIGER: Johan Andersson (th) spår ein knapp siger til Noreg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

I motsetnad til Prica og Dorsin spår han siger til Norge, men er samd i dei svenske kollegaene sine om at kampen blir utruleg jamn.

– Norge vil falle tilbake, halde mykje på ballen og kontre. Huseklepp scorar målet, og det endar 1-0, seier Andersson.

– Du trur på 1-0 siger og eit defensivt Norge. Blir kampen keisam?

– Det kan bli keisamt, men eg trur publikum vil like om det kjem mange overgangar, seier Andersson.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.