NRK Meny
Normal

Supportar utestengd frå Sør Arena

Ein Start-supporter som sprang ut på bana etter kvartfinalen i cupen mot Lillestrøm er utestengd frå Sør Arena resten av sesongen.

Stat-supportar storma bana

Ein Start-supporter som storma bana etter tapet mot Lillestrøm i cupen er utestengd frå Sør Arena resten av sesongen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ifølgje klubben sin nettstad har supporteren vore involvert i andre episodar med uønskt åtferd tidlegare i år.

Det var etter kampslutt i oppgjeret mot Lillestrøm at supporteren storma bana.

Start-supporterane var irriterte på Lillestrøm-målvakt Arnold Origi, som brukte lang tid ved ei rekkje utspel då Start låg under 0–1 og jakta utlikning.

Etter kampen sprang Origi bort til fansen og jubla for sigeren. Det fekk begeret til å renne over for Start-supporteren som sprang ut på bana og mot Origi. Supporteren vart stoppa før han nådde målvakta.

– Start ynskjer at Sør Arena skal vere ein trygg stad for publikum og spelarar, skriv klubben.

– Dette er ulovleg og i strid med NFF sine reglar og klubben sine interne sikkerheitsreglar, skriv klubben på nettstaden.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.