Super-kanon frå Forren då Molde vant

Med landslagssjef Per-Mathias Høgmo på plass scora Vegard Forren eit praktmål som var med på sikre Molde en sterk bortesiger mot Mjøndalen.

Vegard Forren

Vegard Forren jublar etter å ha auka leiinga til Molde borte mot Mjøndalen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Sander Svendsen

17-åringen Sander Svendsen held fram med å imponere i eliteserien. Her jublar han saman med lagkamerat Martin Linnes.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Kanonkula frå Forren sitt venstrebein lovar godt før EM-kvalifiseringskampen mot Aserbadjan heime på Ullevaal 12. juni.

Frå 18 meter brente midtstopparen ballen i nettaket bak ein sprellande Mjøndalen-keeper Ivar Andreas Forn. Målet var Forrens første scoring i årets eliteserie.

– Når eg treff godt så flyg ballen bra bortover. Men det er ikkje alltid eg treff. Eg prøvar meg på trening, og då går den som regel over eller utafor. Eg håpar på det beste og å treffe mål. Det gjorde eg heldigvis i dag, seier Forren til NRK.

– Han har ei god slegge når han først treff riktig, seier trenar Tor Ole Skullerud.

– Det var eit viktig mål fordi vi fekk ro i spelet vårt etter det. Vi er gode når vi får den tryggheita. Men vi visste at dei har vore under med to mål her før og komt tilbake. Vi måtte stå på heilt inn, seier Forren vidare.

Molde best

Høgmo var på tribuna først og fremst for å studere aktuelle Molde-spelarar til landslagstroppen som blir tatt ut torsdag i neste veke.

Etter fleire middels kampar frå Forren den siste tida, hadde 27-åringen full kontroll på Mjøndalen-angrepet på Isachsen stadion.

Og landslagssjefen fekk sjå eit Molde som herja og utspelte Mjøndalen, spesielt etter pause.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

Vegard Forren

Vegard Forren scorer 2-0 til Molde på eit frispark frå 18 meter.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Ville ha straffe

I tillegg var romsdals-laget gode på kontringar. Og det var nettopp på ein overgang i Drillo-klassen at det første målet kom like før halvtimen var spelt.

Tommy Høiland brukte farten sin på venstrekanten og fekk til slutt lagt ut til spisspartnar Ola Kamara.

Mjøndalen-keeper Ivar Andreas Forn redda det harde og lave skotet, men returen satte Mohammed Elyounoussi enkelt i mål. Det var ei fortjent leiing etter spel og sjansar.

Molde var det beste laget også i første omgang og skreik etter straffespark allereie etter fem minuttar.

Tommy Høiland blei spelt fri på høgrekanten. Men i duell med Morten Sundli gjekk sidissen overende like før han skulle avslutte.

(Artikkelen held fram etter bildet.)

Tommy Høiland

Her vil Tommy Høiland ha straffe etter duellen med Mjøndalens Morten Sundli

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Høiland ropte på straffe i retning dommar Espen Berntsen og fekk støtte frå TV 2s ekspertkommentator Egil Olsen.

– Eg synes det ser ut som straffe, meinte Drillo.

– Eg blei snytt for klar straffe, igjen, sa Høiland til TV 2 i pausen.

Men Berntsen vinka spelet vidare med to armar veivande i lufta.

Gatt skadd igjen

Molde stilte til kamp med ein 19 år gammal debutant mellom stengene etter at landslagskeeper Ørjan Haaskjold Nyland er ute med skade.

Og Ethan Horvath frå USA heldt buret reint i sin første seriekamp i eliteserien.

Og det var også ein unggutt som satte inn Moldes tredje mål. Sander Svendsen (17) scora sitt femte mål for sesongen etter at Ivar Andreas Forn heldt fram trenden frå kampen mot Vålerenga 16. mai.

Den svake utboksinga frå Mjøndalen-keeperen nikka Svendsen i ein fin boge og inn i mål frå 15 meter.

– Eg såg at keeperen var langt ute, og då var det berre å heade den inn. Eg har scora veldig få mål på hovudet. Og det var deilig å få til det også, seier Svendsen til NRK.

– Vi har hatt nokre dårlege bortekamper, så det er deilig å ha ein god ein, seier Svendsen vidare.

Dermed gjekk Mjøndalen på sitt andre strake tap etter sjokk-sigeren over Rosenborg (3-2). Mens Molde tok tre viktige poeng i kampen om å halde følgje med dei andre tet-laga.

– Det var eit Molde-lag som var gode på bortebane igjen. Vi slapp motstandaren lite til og skapte mykje framover. Det var ein solid gjennomført kamp av oss, og det er eg veldig glad for, seier trenar Tor Ole Skullerud til NRK.

PS! Moldes Joshua Gatt har vore ute med skade i to år, men måtte forlate bana etter berre nokre få minuttar etter at han blei bytta inn i andre omgang.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotballnyheter