TV-bileta indikerer tydeleg at uruguyaren bit italienaren. Sjølv er ikkje midtstopparen i tvil om at det var det som skjedde.
– Suarez beit meg og skulle vore utvist, seier Giorgio Chiellini til tv-stasjonen RAI.
Sjå videoen av episoden:
– Latterleg at han ikkje vart utvist
– Det var latterleg at han ikkje vart utvist. Bitinga var heilt klar, deretter kasta han seg ned fordi han visste svært godt at han gjorde noko han ikkje skulle ha gjort, seier den italienske midtstopparen.
Berre nokre sekund før den einaste scoringa i kampen tapte Suarez ein duell inne i feltet og svara med å sette tennene i skuldra til Giorigio Chiellini.
Det skapte kaos. Italienaren la seg først ned i smerter, så reiste han seg og sprang etter dommaren for å vise bitemerka.
Også Suarez la seg ned, og han heldt seg for tennene etterpå. Spelarane frå Uruguay samla seg rundt dommaren.
Uruguays landslagssjef Oscar Tabarez var forsiktig med å meine for mykje då han vart konfrontert med tv-bileta etter kampslutt.
21. april i fjor: Luis Suarez bit Branislav Ivanovic og blir straffa med ti kampar karantene
Foto: ANDREW YATES / Afp– Eg vil sjå meir på bileta først. Eg såg det ikkje. Dersom det skjedde, såg ikkje dommaren det. Eg har ikkje fleire kommentarar no, sa Tabarez.
Litt irritert svarte han slik etter neste spørsmål:
– Det har eg alt svart din kollega om. Eg såg det ikkje sjølv, og eg vil ikkje at andre snakkar for meg. Forstår du? Han er eit mål for visse deler av pressa.
Kan gi to år utestenging
Bileta viser også merker etter tenner på Chiellinis skulder. Men dommaren reagerte ikkje, og spelet gjekk vidare. Til scoringa som avgjorde kampen.
Spørsmålet er om FIFA vil straffe Suarez i ettertid. Det kan dei gjere ut frå tv-bileta, dersom dommaren ikkje har sett og vurdert hendinga. Og det er det lite som tyder på at han gjorde der og då.
- Les:
To gonger tidlegare
Det er ikkje første gongen Suarez bit motspelarar. 21. april i fjor beit han Chelseas Branislav Ivanovic og fekk ti kampar karantene. Tidlegare har han fått sju og åtte kampars utestenging for biting og rasistiske komentarar.
FIFAs reglar gir rom for inntil to års utestenging for biting.
Bitepisoden var natuleg nok det store teamet på twitter etter kampen. Og det er ikkje alle som trur Suarez får straff:
Rio Ferdinand er ein av dei som tvitrar:
Michael Carrick kan ikkje tru det han såg:
I 2007 fekk han sju kampar karantene etter å ha bite PSV-spelar Otman Bakkal i skuldra.
Mange frispark og eit raudt kort
Kampen i Natal var lenge utan anna innhald enn ein haug med frispark, nokre gule og eit raudt kort.
Så eksploderte kampen i eit drama i dei siste minutta.
Diego Godin var høgast av fire-fem uruguay-spelarar som gjekk opp i feltet etter ein corner, og nærmast med ryggen sende han ballen bak Buffin og i mål, ti minutt før slutt. 1-0, og Uruguay hadde målet dei måtte ha.
Heldigvis for Suarez drukna dette i scoringa rett etterpå.
Italia må reise heim
Uruguay er dermed klar for åttedelsfinalen. Italia må reise heim etter gruppespelet for andre VM på rad. Neste obligatoriske kamp for Italia er Noreg på Ullevaal i EM-kvalifiseringskamp i september.
Det kan fort bli med ny landslagssjef. Cesare Prandelli sa etter tapet at han tilbyr seg å gå av.
Dramaet tok til etter ein snau time. Italias Claudio Marchisio fekk direkte raudt kort etter å ha brukt knottane på leggen på ein motspelar.
– Eg trur ikkje det var med vilje, og det var eit strengt kort, sa Egil Drillo Olsen i TV 2s studio.
BBCs Kevin Kilbane meinte derimot at kortet var rett.
– Knottane var høge, godt over ballen. Dommaren såg det på nært hald, og han gjorde rett, sa Kilbane.
Strengt eller ikkje, Italia måtte spele ein halv time med ti mann. Det gav Uruguay ein fordel i jakta på scoringa dei måtte ha for å gå vidare.
Men Italia er aldri lette å spele mot når dei er nede i ti mann. Av dei fem siste VM-kampane der dei har fått raudt kort, har dei tapt berre ein.
Dommar med stor kortstokk
Den meksikanske dommaren Marco Rodriguez er kjend for å vifte flittigare enn dei fleste i heimlandet, og i denne kampen fekk han verkeleg sjansen til å bruke dai.
Det var omtrent det einaste som skjedde før pause, og som er verd å nemne. Det var utruleg mange frispark, men berre ein målsjanse. Den stod Uruguay og Luis Suarez for.
– Det var godt. Eg var redd vi skulle få ein heil omgang utan ein einaste målsjanse, sa Drillo.
Han hadde derimot sett mange frispark og tilsvarande mange blåkledde spelarar ligge å vri seg på graset i Natal. Italia var svært interesserte i å halde nullen.
Omgangen hadde nerve, men var blotta for sjansar og godt spel.
Det var andre omgang denne kampen blir hugsa for.
Video: Her blir Italia redusert til ti mann
Video: Uruguays sigersmål