Suarez kan bli straffa for provokasjon etter kampen: – Eg ventar. Berre kom!

Barcelonas Luis Suarez blir granska og kan få straff for oppførselen etter cupkampen mot Espanyol i går kveld.

Luis Suarez

BLIR GRANSKA: Luis Suarez kan bli straffa for tilropa han kom med etter kampen mot Espanyol i går

Foto: ALBERT GEA / Reuters
Arve Lote byline
Journalist
Laster innhold, vennligst vent..

Spanske media skriv i dag at Barcelona-spissen venta utanfor døra til Espanyols garderobe etter kampen.

«Suarez stod oppe ved garderoben og venta på at Espanyol-spelarane skulle kome opptrappa. Han skreik fleire gonger: "Eg ventar på dykk. Berre kom. De er heilt verdilause". Åtferda førte til ein konfrontasjon mellom laga, og vakter måtte gripe inn», står det i rapporten som spanske media har fått tak i.

I rapporten skal det også stå at Espanyols Pape Diop hadde kome med nedsetjande kommentarar om Suarez' mor under kampen. Diop vart utvist.

– Ikkje amerikansk fotball

– Det var sterke kjensler, ja, sa Barcelona-trenar Luis Enrique.

– Men det er dommaren, ikkje spelarane, som skal markere grensene som skil «soccer» frå amerikansk fotball, la han til.

Cupkampen mellom byrivalane vart ei stygg sak. Dommaren delte ut ikkje mindre enn 12 gule og to raude kort. Begge utvisningane råka Espanyol, som også fekk åtte av dei gule korta. Men også Barcelonas angrepstrio Neymar, Lionel Messi og Luis Suarez fekk gule kort.

Barcelona vann kampen 4-1 etter at Espanyol hadde teke ei tidleg leiing. Men to mål av Messi, eitt av Neymar og eitt av Gerard Pique snudde kampen.

Laga møtest til returkamp i neste veke.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.