NRK Meny
Normal

RBK forhandlar om sal av Stefan Strandberg

Eit Rosenborg-lag utan Stefan Strandberg slo Viking 2-1 i Stavanger og klartra til bronseplass. For tidlegare i dag fekk Rosenborg eit bod på Strandberg, og valde derfor å ikkje ta han med i troppen.

Stefan Strandberg

Stefan Strandberg vart i siste liten teken ut av Rosenborgs startoppstillinga. Tidlegare i dag kom det bod frå ein utanlandsk klubb på sørlendingen

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Rosenborg stilte utan Stefan Strandberg. Det kom eit bod på han i dag tidleg, og han vart derfor fjerna frå troppen.

– Det var det som var grunnen til at han ikkje spela i dag. Vi vart litt overraska, men samstundes har det lege litt i korta at han kjem til å bli borte. Vi forhandlar, men er ikkje samde, seier Rosenborgs sportsdirektør Erik Hoftun til NRK. Han vil ikkje seie noko om kva klubb eller land det er snakk om.

– Det utanlandske overgangsvindauget stengjer i morgon. Har Strandbergs spela sin siste kamp for Rosenborg?

– Det kan vi ikkje seie noko om. Vi er i forhandlingar, seier Hoftun.

Fornøgd trenar

Kåre Ingebrigtsen kom tilbake til banen der han var assisterande trenar inntil i sommar. Han var svært godt fornøgd.

– Det var tett på slutten, men vi fekk til det vi prøvde på. Første omgang var god, og då kunne vi scora fleire. Dette var ein god kamp av oss på ei bane som er veldig vanskeleg. Vi klarte å hindre dei i å skape så mange sjansar også, sa ein svært nøgd Ingebrigtsen til NRK. Han fekk applaus frå publikum før kampstart.

Vikings Kjell Jonevret var ikkje nøgd med det hans lag leverte. – I første omgang var vi ikkje med i det heile. Etter pause var vi på mange måtar det førande laget, men vi klarte ikkje å utnytte det. Vi fortente nok ikkje poeng i dag, sa ein misnøgd Viking-trenar.

– Dette er beste omgangen Rosenborg har spela i år, sa Steffen Iversen i studio hos CMore.

Jørgen Skjelvik

Vikings Håkon Skjelbreid i duell med Rosenborgs Jørgen Skjelvik, som opna scoringane i Stavanger

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Då hadde han sett eit Rosenborg-lag som tok initiativet og kontrollerte alt på Stavanger stadion, og som kunne leia meir enn 2–0 ved pause.

Ein perfekt førsteomgang med presise kontringar gav Rosenborg 2–1 over Viking i Stavanger og bronseplass på tabellen.

– Vi kom for tre poeng, og det klarte vi. Først og fremst fordi vi greidde å vinne duellane. Vi visste at det ville bli tøft, fordi Viking har gode og fysisk sterke spelarar, sa Mike Jensen.

Rosenborg tok kommandoen frå start, og det gjekk berre 12 minutt før dei fekk løn for strevet.

Prakt-kontring av Jensen

Ole Kristian Selnæs la eit hjørnespark til Mikkel Diskerud, som smelte til på direkten. Skotet vart blokkert på streken, men Jørgen Skjelvik sette returen i mål bak Arild Østbø – Skjelviks første mål i øvste serie. Det var han som kom inn på laget då Strandberg vart tatt ut.

Viking jobba seg inn i kampen igjen, men vart senka av ei praktkontring av Rosenborg. Keeper Daniel Örlund starta angrepet, og Riku Riski og Pål André Helland spela fri Mike Jensen som sette ballen praktfulltt bak Vikings keeper.

– Den var flott, akkurat som vi vil. Alt gjekk i lengderetninga, sa Jensen til NRK om prakt-kontringa.

Det stod 2–0 til pause etter ein omgang der Viking fekk svært lite til.

– Vi har ikkje vore gode nok, vi må prøve å ta initiativet i andre omgang, sa Viking-trenar Kjell Jonevret, som gjorde to byte i pausen.

– Er medaljehåpet ute for Viking no?

– Ute, nei? Herregud, det er 24 poeng til å kjempe om, og vi skal slåst for dei, sa Jonevret. Viking er nummer sju på tabellen, sju poeng bak Rosenborg på bronseplass.

Viking-press etter pause

Det såg ut til å hjelpe. Viking var mykje friskare og styrte spelet. André Danielsen fekk gå gjennom heile RBK-forsvaret og prøvde å lobbe over keeper. Men Örlund fekk fingrane på ballen, og det var omtrent det einaste farlege Viking klarte å bruke speleovertaket til.

Rosenborg med tomålsleiing la seg nemleg lågt, og det var farleg kvar gong dei kom til kontringar. – Det reknar eg med vi får fleire av utover i omgangen, sa trenar Kåre Ingebrigtsen i pausen, og heldt ord.

Midt i omgangen, rett etter ein god Viking-sjanse, sette Rosenborg raskt i gang spelet, og Alexander Søderlund var heilt åleine og skulle punktere kampen. Men han klarte ikkje å overliste Østbø.

Vikings press gav resultat kvarteret før slutt. Håkon Skogseid sette inn hjørnesparket frå André Danielsen.

Det sette endå meir fart i heimelaget, men dei kom ikkje nærmare. Rosenborg har dermed framleis ikkje tapt for Viking sidan 2005.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.