Fotografar i fleng og mikrofon etter mikrofon. Kvar dag er pressa på plass i hopetal for å følgje det norske herrelandslaget – før, under og etter VM-kvalifiseringskampane mot Kypros og Sveits.
Kontrasten til Kypros er gigantisk. Éin einsam fotograf følgjer dei kypriotiske herrane, og der Noreg et frukt i pausane, valsa kypriotane ut på Ullevaal med kjærleik på pinne i munnen.
Ein som tydeleg blir forundra over dekninga og forskjellane mellom Noreg og Kypros er Mohammed Abdellaoue.
Mellom eit hav av spelarar og journalistar, djupt inne i diverse intervju, omtalar han media som noko daglegdags.
– Det er viktig at det ikkje blir for mykje, men det er ikkje noko problem på landslaget fordi dei har laga gode rammer for det. Vi brukar ein halvtime om dagen på det no, og det går heilt fint.
- Les også:
Kypros takka nei til pressekonferanse
Der Noreg møter pressa kvar dag, har Kypros inga interesse for pressekonferanse.
Dei takka nei til NFF sitt tilbod om å setje opp ein liknande pressekonferanse. Dei rekna med at ingen ville kome uansett.
Til samanlikning har Noreg pressetreff kvar dag heile denne veka, og skal halde fram med det fram til neste onsdag.
– Det er viktig at media er interesserte i oss, for det er viktig at folk får bli betre kjende med oss. Derfor må vi gi litt av oss sjølve, slik at folk får vite meir om kva vi driv med, meiner Moa.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
– Nesten sikker på at vi vinn
Kypros ligg på sisteplass i VM-kvalfiseringsgruppa med fire poeng. Noreg ligg på fjerdeplass med åtte poeng – og må vinne for at VM-draumen skal leve.
– Eg er neste heilt sikkert på at vi vinn. Det vil forundre meg veldig om vi ikkje vinn kampen, sa Egil «Drillo» Olsen til pressa.
Sjølv om Kypros er nesten 100 plassar bak Noreg på FIFA-rankinga, 123. plass og 25. plass, er trenar for Noreg sin motstandar angrepslysten.
– Vi ønskjer å vere like gode som vi faktisk var mot Sveits i førre kamp, seier trenar Nikolaos «Nikos» Nioplias.
Sveits vann 1–0 i Sveits, medan Kypros overraska med uavgjort 0–0 på heimebane mot gruppeleiaren i Gruppe E.
– Det er snakk om ein landskamp, og det i seg sjølv er svært sterk motivasjon. Det er ikkje mange slike kampar i løpet av éin sesong, så vi må gjere vårt best dei gongene det er landskamp, slår ein kampklar Kypros-trenar fast.