Nordtveit blei i 2007 seld til Arsenal frå FK Haugesund. I det siste har 18-åringen ytra ønskje om å spela fleire kampar på eit høgare nivå.
Bergensavisen skriv at Brann har snakka med Nordtveit sin agent, Jim Solbakken, om ei utlånsavtale for midtstopparen. Men verken Brann eller Solbakken vil seia noko konkret om saka.
- Eg kan fortelja at fleire norske klubbar har tatt kontakt for å høyra om det er mogleg å få Håvard på lån. Men eg vil ikkje seia noko om kven det er, seier Solbakken til avisa.
- Ingenting er bestemt, og det er opp til Arsenal å bestemma dette når alt kjem til alt, seier Solbakken.
Wenger kom til Haugesund
I 2007 kom Arsenal-manager Arsène Wenger sjølv til Haugesund for å kjøpa Nordtveit. Sidan den tid har Nordtveit vore kaptein på Arsenal sitt reservelag. Han har også vore utleigd til spanske Salamanca, utan å få særleg speletid der.