– Eg har jobba lenge for å kome tilbake. Eg var veldig glad for å sjå namnet mitt i dag og for sjansen til å representere Norge igjen, seier den tidlegare landslagskapteinen.
– Blei du overraska?
– Nei. Eg har vore i kontakt med landslagsleiinga heile vegen, men eg tok det ikkje som sjølvsagt at eg skulle vere med no, så det set eg stor pris på, seier Stensland til NRK.
Stensland vart skadd i ein kamp mot Arna-Bjørnar i august 2014. Korsbandet rauk og menisken vart øydelagd.
– Har aldri tenkt på å legge opp
På våren i fjor oppstod det fleire komplikasjonar, og ho måtte gjennom ny operasjon i august.
– Fotball har både vore jobben min og lidenskapen min, så når eg ikkje har fått drive med det, er det kjipt. Det har vore nokre tøffe dagar, men det hjelper å ha mål å sjå fram mot.
– Men eg har aldri tenkt på å legge opp. Eg hadde først eit mål om å kome med til VM i fjor sommar. Det gjekk ikkje, men no er det kvalik og kanskje OL, seier Stensland.
Også Graham Hansen tilbake
Etter VM har Roger Finjord overteke som landslagssjef. Han er glad for å ha Ingvild Stensland tilbake.
– Ho har rutine. Ho har vore landslagskaptein, og har midtbanekvalitetar som er spennande, seier Finjord om 34-åringen.
Også Caroline Graham Hansen er tilbake i landslagstroppen. Ho har slite med ein kneskade, og har ikkje spela landskamp på eit år. Men ho har spela for klubblaget Wolfsburg i haust.
Veteranen Ingvild Stensland har spela fotball på toppnivå i mange år – i toppserien, i utanlandske ligaer, i meisterskap og meisterliga, og har langt over 100 landskampar sidan debuten i 2003.
– Norge er ikkje favoritt
– Kva er det som driv deg vidare?
– Det er framleis utruleg gøy å spele, det har eg merka når eg har vore så lenge borte. Og vi har ny trenar og fornying av laget – derfor har eg veldig lyst til å vere med i gjengen igjen.
I morgon skal ho endeleg på trening med Stabæk igjen.
– Eg treng kamptrening og mykje fotball, det er det eg skal bruke tida til, seier Stensland, som har dette å seie om Norges sjansar til OL-deltaking:
– Det blir ein tøff kvalik mot gode lag, men eg trur vi har gode sjansar. Men vi er ikkje favoittar, seier Ingvild Stensland.
Skulle det lykkast, vil Norges opningskamp i OL bli spela på Stenslands 35-årsdag 3. august.