Stabæks svenske stjerne krev at leiinga i klubben straks hentar inn fullgode erstattarar for Somen A. Tchoy og Anthony Annan. Bærums-klubben leier serien, men gullet vil gleppe utan nye spelarar, ifølge svensken.
- Vi skal ut i Europa, vi skal spele vidare i den norske cupen, og vere med i serien her. Vi behøver ein like stor stall som vi har hatt fram til no.
Nettradio:
Vil utnytte medvinden
Sportsdirektør i Stabæk, Lars Bohinen seier Stabæk skal hente inn midtbanespelarar etter Annan og Tchoy for å vere med å kjempe om gullet. Han vil ikkje ut med namn, men seier det er viktig å forsterke når dei er på topp.
- Det er no vi må forsterke oss, og det er no vi er attraktive, sjansane for å skaffe oss gode spelarar, den er der no.