Treningskampar skal brukast til å førebu seg til den nye sesongen, men når media tel mål og tid sia siste siger, byrjar raskt usikkerheita å bre seg.
Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Eg trur det er eit større problem for Stabæk at Martin Andresen er borte enn at dei ikkje vinn opningskampen.
Stabæk utan Martin er som Beatles utan John Lennon.
Litt flåsete kan ein seie at taktikken til Stabæk i fjor var å gje ballen til Martin og så fekk ein stor rørsle rundt midtbaneeleganten.
Men til sommaren er Martin på plass att, og då har vel laget også vunne ein kamp eller to.
Ikkje tru på likestilte trenarar
At Lyn tapte mot Molde var ikkje så overraskande. Molde, med Noregs beste midtbane, vil vinne mot mange lag heime på sin flotte stadion.
Så min mistru mot likestilte trenarar er uavhengig av denne kampen. Eg har tru på trener-team med personar som kompletterer kvarandre, men etter min meining må det vere ein leiar. Ein må til slutt ha det avgjerande ordet, sjølvsagt basert på dei innspela han får frå teamet rundt seg.
Når skuta kjem inn i dårleg ver, og Lyn-skuta har ofte ein tendens til det, vil mannskapet ynskje å ha ein kaptein å som stakar ut kursen. Så samstemte kan ikkje herr Olavsen og herr Knutsen vere at dei alltid peikar i same retning. Og mytteri har det vore på denne skuta før.
Miserabelt Viking–lag
All ære til Tromsø som knuste Viking på Alfheim. Men det var ikkje mykje til motstand dei fekk.
Viking–laget verkar profil-laust, bokstaveleg tala. Synd for eit lag som snart flyttar inn på eit nytt stadion. Men det hjelper ikkje å ha ei flott scene dersom skodespelarane ikkje klarer å skape entusiasme og engasjement.
Å skulde på trenaren aleine, blir feil. Kjell Inge Olsen oppfattar eg som ein ærleg trenar som har dei beste intensjonar med det arbeidet han gjer, men denne sesongen må også han levere. Fri neste serierunde, Rosenborg på Lerkendal og så opning av nye–stadion. Viking-spelarane må lære seg å leve med stort press dei neste vekene, er eg redd.