NRK Meny
Normal

- Kunne blitt eit jækla trøkk

Stabæk får truleg tsjekkisk motstand i en eventuell tredje runde-kvalifisering til Europaligaen.

Stabæks Daniel Nannskog skulle gjerne hatt storkamp mot Liverpool på heimebane

- Eit møte med Liverpool ville vore kult, men det hadde betydd gonatt for Stabæk, seier Daniel Nannskog om resultatet av Europaliga-trekninga. Arkivfoto.

Foto: Eeg, Jon / SCANPIX

UEFA gjennomførte i dag trekninga til tredje kvalifiseringsrunde til Europaligaen. Det var ein femtedels sjangs for at dei blå kunne trekkje Liverpool FC som motstandar, men slik blir det ikkje.

– Veldig synd at det ikkje blei Liverpool. Då hadde det nok vore fullsett arena og eit jækla trøkk her på Fornebu, seier Daniel Nannskog rett etter trekninga.

Tsjekkisk motstand

Stabæk får i staden georgisk eller tsjekkisk motstand i ein eventuell tredjerunde- kvalifisering til Europaligaen.

Bærumslaget møter vinnaren av kampen WIT Georgia - Banik Ostrava om dei tek seg vidare til tredje kvalikrunde.

Kjem Stabæk seg til tredje runde i Europaliga-kvaliken? Diskutèr nederst i saka!

Etter at Banik vann første kampen 6-0 på bortebane, er det mykje som taler for tsjekkisk siger også i neste kamp.

– Gonatt for Stabæk

– Tsjekkisk fotball veit eg lite om, men dersom vi i det heile tatt kjem så langt, skal vi førebu oss godt, seier trener Jan Jönsson.

Med tanke på avansement i kvaliken, er Nannskog glad for at Stabæk slepp å møte eit engelsk topplag som Liverpool i ein eventuell tredje runde.

– Det er sjølvsagt lettare å ta seg vidare mot eit tsjekkisk lag. Eit møte med Liverpool ville betydd gonatt for Stabæk, seier Nannskog.

Vil ha revansj

Både Stabæk-spissen og Jönsson var fredag skuffa over berre å ha klart uavgjort i gårsdagens heimekamp mot det kviterussiske laget Dnepr Mogilev.

– Akkurat no har eg fullt fokus på returkampen i Kviterussland kommande torsdag, seier Jönsson.

Også Nannskog er sugen på revansj.

– Det var ikkje eit superlag vi møtte. Vi skulle ha vunne klart på heimebane dersom vi ikkje hadde slurva så mykje. No har vi sett os i ein unødig posisjon, men revansj er på ingen måte umogleg, seier 36-åringen.

– Dårlege minner om tsjekkisk fotball

Nannskog innrømmer at hans kjennskap til tsjekkisk fotball er heller dårleg.

– På den eine sida har eg gode erfaringar frå tida med min tsjekkiske spissmakker Zdenek Senkerik her i Stabæk. På den andre sida har eg dårlege minner om tsjekkisk motstand, frå fjorårets tap mot Slavia-Prague i UEFA-cupen.

Kampane i neste runde vert spelte den 29. juli og 5. august.



.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia