President i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa), Sepp Blatter, presenterte ideen torsdag.
Sprayen er vassbasert og blir borte etter om lag eit minutt. Det er brukt under det pågåande klubb-VM i Marokko.
– Eg trur det er ei god løysing. Mange har sagt at dommaren må bruke mykje tid for å få det til, og eg var skeptisk i starten, men alle dommarar som har brukt sprayen har gode opplevingar med det, sa Blatter.
– Ein representant frå Bayern München sa til meg at no blir det ni meter mellom muren og ballen, i staden for fem-seks, la Blatter til.
Dommarane skal måle opp dei ni metrane muren skal stå unna ein dødball, før han så skal spraye graset der muren skal stå. På den måten kan dommaren enklare avgjere om muren gjekk framover før dødballen vart slått.
– Vi kjem til å ta dette i bruk i Brasil neste sommar, sa Blatter.
I både Brasil og Argentina har ein brukt sprayen med hell. Ein har fått klart mindre bråk mellom spelarar om kvar muren eigentleg skal stå.