NRK Meny
Normal

Trur på løysing i konflikten: – Spansk fotball har for mykje å tape

Spanias fotballforbund truar med å avlyse heile sesongavslutninga. – Men eg trur ikkje det blir ein realitet, det står altfor mykje på spel til det, seier Petter Veland.

El Clasico

Barcelona og Real Madrid kjempar om ligameisterskapet. Men det er ikkje sikkert dei får lov å fullføre sesongen

Foto: PAUL HANNA / Reuters

Det er den nye lova om tv-rettane som har fått aktørane i spansk fotball til å gå på barrikadane og slipe knivane.

Det spanske fotballforbundet vil stanse alle nasjonale turneringar frå 16. mai. Det betyr at dei to siste rundane i La Liga og cupfinalen blir avlyst, dersom partane ikkje kjem fram til ei løysing.

Fleire toppklubbar har også varsla støtte til aksjonen. I kveld kunngjorde den spenske spelarunione at stjernespelarar frå Real Madrid og Barcelona stiller seg bak, og vil streike frå 16. mai.

– Står for mykje på spel

Petter Veland

– Det står for mykje på spel til at eg trur at streiken blir noko av, meiner Petter Veland

Foto: Erlend Kjernli

– Eg trur dei blir samde på ein eller annan måte. Det står for mykje på spel for spansk fotball dersom streiken skal bli ein realitet. Det er slutten på sesongen, og det er svært vanskeleg å finne nye datoar om kampane blir utsette, seier Petter Veland til NRK. Han kommenterer spansk fotball for CMore.

– Det er alvorlegare denne gongen. Derfor trur eg dei finn ei løysing slik at sesongen blir avslutta på ordinær måte, seier Veland.

Veland meiner konflikten er sett på spissen som eit forhandlingsutspel. Serieforeininga skal ha møte om saka måndag, og i løpet av dei neste dagane kan partane finne fram til kompromiss og løysingar.

Det spanske fotballforbundet vedtok nyleg ei lov som inneber at tv-rettane frå og med sesongen 2016–17 skal seljast som ein pakke, og inntektene delast mellom klubbane.

Hittil har klubbane forhandla fram sine eigne avtaler, derfor har Real Madrid og Barcelona fått storparten av pengane frå tv-selskapa.

8 prosent er stridens kjerne

Sportsminister Jose Ignacio Wert seier at gjeldande tv-avtale gav 800 millionar euro (nærmare 7 milliardar kroner) til spansk fotball i sesongen 2013–14.

Eter den nye lova skal 92 prosent av inntektene frå tv-avtalen gå til klubbane. Dei siste 8 prosentane skal fordelast på andre aktivitetar innan fotballforbundet.

– Det er denne fordelinga som er stridens kjerne, seier Petter Veland.

Motstanden kjem frå forbundet og spelarforeininga, som også meiner dei ikkje i tilstrekkeleg grad har blitt tatt med på råd før lova blei vedtatt.

Ligaleiinga applauderer derimot den nye lova, og har teke rettslege steg for å hindre at kampane i sesongavslutninga skal bli avlyste. Dei trur også med søksmål dersom streiken blir sett i verk.

– Utpressing

Partane brukar sterke ord i konflikten. Talsmenn for både regjeringa og ligaen skuldar fotballforbundet for utpressing når dei truar med å avlyse sesongavslutninga.

– Skaden for spansk fotball blir frykteleg stor, seier ligapresident Javier Tebas.

– Angel Maria Villar (spansk fotballpresident) er uansvarleg. Han behandlar fotballen som sin private eigedom, seier Tebas, som ber regjeringa stå fast på lova og ikkje la seg presse.

Fotballnyheter