Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Eg har sendt mange godord opp til Bodø. Og denne helga imponerte dei att. I Stavanger henta dei nok ein siger borte, mot eit Viking–lag som ser ut som eit botnlag for tida.
Sogndal nytta siste sjansen til medalje og europacupspel, med siger heime mot Lillestrøm. Medan Odd ikkje klarte meir enn uavgjort heime mot eit hardt kjempande Lyn-lag.
Alle laga gjekk nok likevel fornøgd i garderoben, med Stabæk på besøk på Lerkendal ville i alléfall laget frå Bærum ikkje kunne ta noko innpå.
Og så går dei utpå og vinn 6-1 mot kjempene frå Trondheim.
Ein av dei tinga som imponerer meg mest hos Rosenborg, er at dei aldri let kvaliteten falle. Dei vinn alt. Treningskampar, cupkampar og allereie avgjorde e-cup–kampar.
Pinleg
Men så sprakk det. Og dette var pinlig for heile organisasjonen Rosenborg. Eg tør ikkje tenkje på raseriet til trenar Åge i pausen og etter kampen.
Det viser at det er ikkje noko tre som veks inn i himmelen.
At Stabæk var laget som skulle påføre Troillongan denne audmjukinga, er ikkje heilt overraskande. Stabæk er ein klubb som er tufta på at ein har tort å gå eigne vegar, og så står ein trufast ved vala til....Rosenborg fell.
Klubben skal spele på ein bestemt måte. Det har styret bestemt! Til tider kan det virke som om at systemet går ut på å gje Martin Andresen ballen for at han skal fordele ballen vidare.
Fornuftig prioritering
Men so what! Han er Noregs beste midtbanespelar. Og då byggjer ein systemet rundt han, i staden for å byggje han inn i systemet. Ei fornuftig prioritering, spør du meg.
Måten klubben køyrde over Rosenborg i starten, minna meg om ein Bjørn Dæhlie som gjekk ut i høgste fart, for så å auke gradvis!
Gratulerer Stabæk! Det er alltid morsamt når nokon bankar opp den sterkaste i klassa!!!