Ungdomsfotball på Atlanten stadion i Kristiansund, norsk toppfotball i Molde, verdsstjerne i Manchester, heim igjen til Molde og ny runde til Cardiff i trenar- og manager-karrieren. Det er Solskjærs offentlege liv. Før han på nytt no er heime igjen.
Han sparka sine første fotballar i Clausenengen, der han scora 115 mål på 109 kampar på seniornivå.
Det førte han til prøvespel hos Lillestrøm, men utan å få kontrakt. Seinare skjedde det same i Rosenborg.
I staden henta Åge Hareide han til Molde og eliteserien for 200.000 kroner før 1995-sesongen. 21-åringen scora to mål i debuten mot Brann i Bergen. Ole Bjørn Sundgot og Arild Stavrum scora også i 6-0-sigeren, og Molde hadde lansert dei tre S-ane som førte Molde til sølv i første sesongen etter opprykket.
31 mål på 38 kampar for Molde i 1995 og våren 1996 førte til interesse frå utlandet. Tyske Hamburg og italienske Cagliari viste interesse, det same gjorde Manchester City og Everton.
Men verken City eller Everton var villige til å kjøpe han når det kom til stykket. Og Hamburgs og Cagliaris bod vart avslått.
I juni året etter scora han to mål mot Aserbajdsjan på Ullevaal i VM-kvalifiseringskamp. På tribuna sat representantar for Manchester United. Dei vart imponerte, og kjøpte nordmøringen for 1,5 millionar pund månaden etter.
I 11 år spela han i den engelske storklubben. Der scora han 126 mål, og er på 15.-plass på Uniteds historiske scoringsliste.
Sigersmålet mot Bayern
Suverent mest kjent er sigersmålet på overtid mot Bayern München i meisterligafinalen i 1999, då United vann 2-1 – etter å ha vunne både ligaen og cupen nokre dagar tidlegare.
I bortekampen mot Nottingham Forest vart han bytta inn og scora fire mål på dei 12 siste minutta i 8-1-sigeren.
Solskjær nyt framleis enorm popularitet i Manchester, og er offisiell ambassadør for klubben.
Han fekk sin testimonial i 2008, og 68.000 – inkludert 10.000 frå Norge – møtte fram til kampen mot Espanyol på Old Trafford.
Mot slutten av United-karrieren var han plaga av skader, og la opp i 2007. Han heldt likevel fram i klubben og var hovudtrenar for reservelaget i 2008 til 2010.
Serie- og cupgull som Molde-manager
Då vart han henta heim til Molde der han vart manager. Det var han i tre år, med to seriemeisterskap og eit cupmeisterskap som resultat.
Nyttårshelga 2014 vart han henta til Cardiff som manager. Cardiff var då i Premier League, men rykka ned samme våren. Derfor fekk han sparken i september.
Det har lenge vore spekulasjonar om at han skulle tilbake til Molde, etter at Tor Ole Skullerud fekk sparken i august.
Og i dag vart dette stadfesta.