– Dette er eit svært trist sak. Politiet etterforskar saka no, og vi skal bistå dei i etterforskinga så godt vi kan, seier Sogndals daglege leiar Egil Mundal til NRK.
Politiet i Stockholm stadfester at dei granskar saka. Saka vil bli overført til avsnittet for grove brotsverk.
– Ja, ei kvinne melde om ei valdtekt på eit hotell. Vi har gjort fleire avhøyr, men ingen er teken i arrest, seier Kjell Lindgren ved Stockholmspolisen til NRK.
Hendinga skjedde natt til laurdag, og vart meld til politiet dagen etter.
Han seier at dei arbeider vidare med saka.
– Det blir fleire avhøyr, og vi undersøker også om det kan finnast tekniske bevis som til dømes videoovervaking, seier Lindgren.
Ved hotellet der valdtekten skal ha funne stad vil dei ikkje seie stort om det som hende, utover at dei samarbeider med politiet for å oppklare saka.
Ifølgje Aftonbladet skal kvinna ha fått kontakt med ein av spelarane via datingappen Tinder.
Kommunikasjonsdirektør Yngve Haavik i Norges Fotballforbund seier til NRK at NFF ikkje kjenner til saka.