I sju år har Sogndal venta på å få spele på øvste nivå. Søndag var dei tilbake i Eliteseriserien utan å imponere.
For laget frå Sogn og Fjordane gjekk spelet fort, og gjestene hadde nok med å forsvare seg i første runde mot Strømsgodset i Drammen.
– Dette er eit tempo vi ikkje er vand med. Kunstgraset gjør at ballen går fortare, seier Sogndals trenar Harald Aabrekk.
(artikkelen held fram under biletet)
I FØRINGA: Ola Kamara og Strømsgodset jublar etter 1-0 mot Sogndal.
Foto: Bendiksby, Terje / ScanpixKamara: – Deilig å åpne kontoen
Ola Kamara sende heimelaget i føringa etter 32 minutt på heading etter innlegg frå Lars Christopher Vilsvik.
– Det var deilig å åpne scoringskontoen og fortsette den gode trenden frå i vinter, seier Kamara.
No ser han fram mot neste kamp mot Start om to veker. Kamara scora nemleg i begge oppgjer mot sørlandslaget i fjor.
Måtte ha straffe for å score
Heimelaget si scoring nummer to kom like etter pause då Fredrik Lund Nordkvelle heada ballen kontant i mål i duell med Sogndal-spelar Even Hovland.
Dei kvitkledde gjestene vann førstedivisjon suverent i fjor. Då scora laget 51 mål på 28 kampar.
I dag måtte det straffe til for at Sogndal skulle score. Ole Jørgen Halvorsen sette ballen i mål frå 11-metersmerket i det 89. minutt.
Sogndal-sluttspurt
SNYTT: Harald Aabrekk meiner det var surt å tape etter at Sogndal pressa mot slutten.
Foto: Rune Fossum / NRKEtter reduseringa sette bortelaget inn ein sluttspurt, men det var ikkje nok til å ta sigeren frå heimelaget.
– Strømsgodset vann fortent, men det var litt surt å tape når vi hadde ein så god sluttspurt, seier trenar Aabrekk.
Han trur Sogndal kan gjere det betre så fort dei blir vand med kunstgraset på norske eliteseriebanar.
– Men hadde dette vore naturgras er prestasjonane i dag langt unna vårt beste, fortel trenaren.