Midtbanejuvelen kan bli verande i Sogndal

Tyrkiske aviser har meir eller mindre slått fast overgangen, men i dag set Sogndal og Malick Mane seg ved forhandlingsbordet.

Malick Mane

UVISST: Driblefanten Malick Mane går i dag i nye kontraktsforhandlingar med Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den senegalesiske landslagsspelaren har i år fått mykje merksemd for sine driblekunstar .

Spelaren har sjølv uttala til NRK.no at han ynskjer seg til Tyrkia . Etter poengdelinga mot Tromsø søndag, ser ikkje Malick Mane vekk frå at han likevel kan bli verande i Sogndal.

– Eg skal møte Sogndal for å snakke om ny kontrakt i dag, seier han til Sogn Avis.

Vil behalde Mane

Tyrkiske aviser har meir eller mindre slått fast at 24-åringen er klar for tyrkiske Konyaspor . Fleire meiner å vite at klubbane er samde om ein overgangssum på 300.000 euro, eller nær tre millionar kroner.

Jonas Olsson

HÅPAR: Jonas Olsson håpar å få behalde Malick Mane i Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Søndag var Mane servitør då Azar Karadas breisida inn 1–0 for Sogndal på Alfheim. Kampen enda til slutt 2–2.

– Vi sit ikkje med armane i kors. Malick er ein spelar vi ynskjer å halde på, og vi skal snakke med han om situasjonen, seier trenar Jonas Olsson til Sogn Avis.

Fotballnyheter