NRK Meny
Normal

Slik var cupen 2014

Hugsar du Odds ekstraomgangar mot Fram eller Moldes ditto mot Strindheim? Vi har teke eit tilbakeblikk på vegen dei to finalistane har hatt mot Ullevaal.

Odd - Vålerenga

Drama på Odds veg mot cupfinale: Bentley set inn straffe mot Vålerenga tre minutt på overtid, og Odd vinn 3-2 i 4. runde

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Cupen 2014 har gitt oss Odd mot Molde i finalen, men dei har ikkje kome dit utan kamp og dramatikk.

Alt om cupen 2014 i navn og tall

1. runde, 24. april

Eliteserieklubbane opnar alltid med bortekamp, og både Odd og Molde kom frå reisene med komfortable sigrar utan baklengsmål.

Surnadal molde steniar ranheim

Molde banka inn ni mål mot Ranheim i 1. runde, men Surnadals keeper Steinar Ranheim var godt nøgd likevel

Foto: NRK

Molde reiste til Nordmøte og Surnadal, og gav seg ikkje før dei hadde banka inn ni mål på motstandaren frå 4. divisjon. – Dritgøy , sa Surnadals keeper etter 0-9.

Nordagutu-klubben Kjapp frå 3. divisjon noterte seg for sesongens høgdepunkt med besøk av Odd, som vann greit 4-0 .

– Dei hadde ein veldig god keeper, men heldigvis klarte eg å score to gonger, sa Henrik Kjelsrud Johansen om Kjapps sisteskanse.

Første cuprunden sende allereie det første eliteserielaget ut – Sandnes Ulf vart slått 1-0 av Sola. Også Brann hadde det vanskeleg, men slo Varegg 3-2 til slutt. For dei andre frå eliteserien gjekk det etter skjema. Strømsgodset (10-2 over Drammen) og Sarpsborg 08 (11-0 over byrival Sarpsborg FK) var dei største sigrane.

2. runde, 7. og 8. mai:

No vart det vanskelegare for dei blivande cupfinalistane. Molde reiste til Trondheim berre nokre få dagar etter at dei i same by hadde slått Rosenborg 2-0 i eliteserien.

Men i cupen makta dei berre 1-0 over 3. divisjonslaget Strindheim . Lenge såg det ut til å gå mot ekstraomgangar, men tre minutt på overtid i andre omgang sende Chukwu den regjerande meisteren vidare.

Odd tok turen til Larvik og Fram. Også dei fekk merke at motstanden var tøffare enn i runden før, og måtte verkeleg slite for å vinne 4-2 .

Fram kjempa som løver, og tok leiinga med mindre enn 20 minutt igjen av ordinær tid. Odd utlikna på straffe like etterpå, men det var uavgjort etter 90 minutt.

Kampen vart avgjort med tre Odd-mål på sju minutt i første ekstraomgang. Ei Fram-redusering – også i første ekstraomgang – hjelpte ikkje. Men heimelaget fekk verkeleg vist seg fram i kampen.

Ingen eliteserielag sa takk for seg i denne runden, dermed gjekk 15 vidare til 3. runde. Men fleire av dei måtte nøye seg med knappe sigrar. Strømsgodset måtte ha ekstraomgangar for å slå Ørn Horten 2-1, og Start, Sarpsborg 08, Brann, Haugesund, Vålerenga og Stabæk måtte nøye seg med eittmålssiger.

Giantkillers Sola håpa på reprise mot Viking, men møtte veggen. Viking vann 7-1. Rosenborg smelte til med 10-2 mot Kolstad.

3. runde, 4. og 5. juni

Florø-Molde

3. runde: Molde gjestar Florø og får tøff motstand frå 2. divisjonslaget frå kystbyen i Sogn og Fjordane. Men dei kjem frå det med siger 2-1

Foto: Truls Kleiven

Igjen var Molde og Odd sette opp med bortekampar.

Molde gjesta Florø, som hadde stått for den største overaskinga i runden før med 5-1 over Hødd på bortebane. Det unge Florø-laget, der mange av spelarane heldt junioralder, pressa Molde i store deler av første omgang. Men Molde-rutinen heldt likevel til siger 2-1 .

– Vi hadde trass alt to annullerte mål, og i ein periode av første omgang var vi fullt på høgde med Molde. Men i andre omgang vart det einvegskøyring. Uansett var dette ei veldig god erfaring for oss. No skal vi gje alt i serien, sa Florøs kaptein André Frøyen Reksten.

Odd fekk lettare spel mot Notodden, og for tredje runde på rad scora dei fire gonger. Notodden vart slått 4-0 . Rapportane fortel om klasseforskjell på Odd og fylkesnaboen frå 2. divisjon.

Men elles vart det drama i 3. runde. På Lerkendal gjekk fjorårsfinalist Rosenborg på eit pinleg heimetap for by-veslebror Ranheim. Det stod 2-2 etter ordinær tid, og Ranheim vann den elleville kampen 4-3 etter ekstraomgangar.

Strømsgodset var på langtur til Tromsø, og der vart dei slått 4-2 av Tromsdalen etter ekstraomgangar i Ronny Deilas siste kamp før han offisielt vart tilsett som ny manager i Celtic.

Stabæk måtte også ha ekstraomgangar mot Grorud, men vann til slutt 3-0.

4. runde, 27. juni

I fotball-VMs første kampfrie dag såg cupen sitt snitt til å avvikle neste runde, og både Molde og Odd fekk heimekampar for første gong.

Molde hadde lettaste oppgåva, og Mjøndalen vart lett slått 4-1 . Heimelaget leika seg til 4-0 før Mjøndalen fekk sitt trøystemål i sluttminutta.

Odd – Vålerenga var den mest profilerte kampen i denne runden, og Odd kunne juble etter å ha sendt Vålerenga heim til Oslo med 3-2 etter ein dramatisk andreomgang i Skien.

Alle måla kom etter pausen. Odd leia 2-0, men Vålerenga utlikna. Bentley scora Odds sigersmål på straffe tre minutt på overtid.

– Utrolig deilig å slå Vålerenga 3-2 i cupen. Vi er nå klare for kvartfinalen i NM, skeiv ein lykkeleg Odd-spelar Herolind Shala på sin Twitterprofil straks kampen var over.

Elles i denne runden var det bråstopp for dei to «giantkillers» frå førre runde. Ranheim tapte 4-2 for Brann i Bergen, og Tromsdalen vart knust 5-0 i Haugesund. Andre resultat: Sarpsborg - Start 3-2, Viking - Sogndal 4-1, Aalesund - Lillestrøm 1-3 eeo, Bodø/Glimt - Stabæk 0-2.

Kvartfinaler, 13. og 14. august

Tor Ole Skullerud

Molde-trenar Tor Ole Skullerud jublar etter maktdemonstrasjonen mot Viking i kvartfinalen

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

På nytt fekk både Molde og Odd heimekampar. Molde møtte Viking, og fekk lett spel. 5-1 stod det til slutt, etter Molde-overkøyring i andre omgang . Yann-Erik de Lanlay hadde utlikna Chukwus leiarmål, men så var det berre Molde.

Fem ulike spelarar scora Moldes mål mot eit vaklevore Viking-forsvar som hadde ein forferdeleg kveld.

– Vi gjer ein fantastisk andreomgang. Det var litt forløysande. Vi trengde å slå tilbake etter ein litt tung periode, sa Molde-trenar Tor Ole Skullerud

– Det var ein real maktdemonstrasjon av Molde. Dei var solide i alle ledd av spelet, konkluderte NRKs fotballekspert Lise Klaveness.

Odd fekk vanskar mot Brann, og Ingvald Huseklepp gav Brann ei overraskande pauseleiing. Men Odd-offensiven i andre omgang snudde kampen, og gav til slutt siger 3-1 . Herolind Shala scora to og Frode Johnsen eitt.

– Eg synest vi spelar ein strålende kamp frå start til slutt. Vi er ikkje gode nok i boksen i første omgang, men det betrar seg i andre omgang, sa Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo då Odd var klar for semifinale.

Dei andre semifinalistane var Stabæk, som slo Haugesund 1-0 der Magne Hoseth scora sigersmålet før det hadde gått 30 sekund, og Sarpsborg, som litt overraskande slo Lillestrøm 2-0 på Åråsen.

Semifinaler, 24. og 25. september

Dag-Eilev Fagermo

- Finalen blir ein kamp mellom kapital og utvikling, seier Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Odd fekk heimekamp for tredje runde på rad, medan Molde denne gongen måtte ut og reise.

Molde møtte Stabæk på Nadderud, og laget som var på god veg mot seriegullet, fekk det vanskeleg. Først fire minutt før full tid sette Mohamed Elyounoussi inn kampens einaste mål .

– Det var heilt fantastisk, sa Elyounoussi til NRK. – Det er ein gutedraum å få kome til cupfinalen.

I Skien hadde over 12.000 pressa seg inn på tribunen for å sjå heimelaget halde liv i kampen om The Double. Dei fekk sjå eit målrikt drama som enda godt, sett frå deira ståstad. Odd vann 5-2 over Sarpsborg 08 .

Men Odd fekk ingenting gratis. Sarpsborg leia 1-0 ved pause. Fem minutt ut i andre omgang utlikna Odd på straffe, samstundes med at SarpsborgsJoachim Thomassen vart utvist etter sitt andre gule kort. Det skulle bli vendepunktet i kampen.

– Det er min feil at vi taper kampen. Eg synest dei to gule korta er strenge, men eg tar på meg skulda, sa Thomassen til NRK.

– Vi har god kontroll før det. Det verste er å sjå ansikta til lagkameratane. Dei og byen hadde fortent så mykje betre, sa backen.

– Det blir gøy å møte Molde i finalen. Det blir kapital mot utvikling, veit du. David mot Goliat. Men vi kan slå dei i ein kamp, sa Odd-trenar Fagermo.

Finalen, 23. november

Molde har blitt seriemeister, Odd har teke bronse etter at sølvet glapp med 2-0-tapet mot nettopp Molde i serieavslutninga.

Molde kan ta The Double som det første laget sidan Rosenborg i 2003, og dei kan bli første laget sidan Lillestrøm i 1978 som forsvarer eit cupgull.

Odd kan ta sitt første cupgull sidan finalesigeren over Viking i 2000. Og dei kan styrke stillinga på toppen av lista ved å vinne cupen for 13. gong.

Når den norske fotballsesongen 2014 blir avslutta på Ullevaal. Med siger for Skulleruds kapital eller Fagermos utvikling.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia