NRK Meny
Normal

Slik skal Hødd sikre opprykk til eliteserien

Hødd-spelarane har blitt så stive og støle i kampen om å rykkje opp til eliteserien at trenaren må ta affære.

Hødd trener yoga

Hødd-kaptein Jesper Törnqvist og resten av spelarane for Ulstein-laget under Yogaøkt torsdag.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Vanlegvis ser du dei ute på den grøne grasmatta, i harde duellar eller idet dei med stiv rist dundrar ballen mot mål. Onsdag vart gras bytt ut mot parkett på føremiddagstreninga.

Her er det «Solhilsen» og «Dødmannsstilling» som gjeld.

Rune Ertsås

Hødd-angripar Rune Ertsås under Yogaøkta.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Dei fleste er veldig stive

I ein sal full av stive mannebein som sårt treng ei oppmjuking, sit studenten Henriette Aurtande og gir instruksar.

Elevane ho har framføre seg er godt trente, men kanskje ikkje akkurat i yoga.

– Eg er veldig imponert. Ofte når gutar eller menn møter opp på yogatimar, står dei bakarst og fniser og skubbar i kvarandre, seier ho.

Men Hødd-spelarane tek yoga på tyngste alvor. Med konsentrasjonen på topp, prøver dei å følgje Henriette sine instruksar. Uansett kor halsbrekkande dei kan verke.

– Nokre av dei er flinke, men dei fleste er veldig stive, vedgår yogainstruktøren.

Saka held fram under bildet.

Hødd på yoga

Instruktør Henriette Aurtande nær skamroste Hødd-spelarane sin innsats.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Hødd på yoga

Stor innsats og nye impulsar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Alternativ trening

Det er nettopp stive ledd og fotballbein som fekk Hødd-trenar Lars Arne Nilsen til å be Henriette Aurtande hos treningssenteret Stamina HOT i Volda om hjelp.

– Fotballspelarar er ikkje kjente for å vere spesielt mjuke. Yoga er god trening med mykje tøying og strekking, samtidig kan ein trene konsentrasjon og stressregulering.

Trenar Nilsen er med og driv ein akupunkturklinikk i Volda, og ser på seg sjølv som alternativ.

– Eg er rimeleg alternativ og nysgjerrig på ulike treningsformer. Det å gjere noko anna og sprite opp treningane litt er berre bra. Yoga er eit fint supplement til dei vanlege fotballtreningane.

Det er studenten og yogainstruktøren Henriette Aurtande heilt einig i.

– Alle fotballspelarar burde trene yoga. Du stressar ned og trenar konsentrasjonen din. Du får ein tøyeleg og fleksibel kropp og blir ikkje så stiv.

Lars Arne Nilsen

Før yoga-økta meinte Hødd-trenar Lars Arne Nilsen at han var så mjuk at yoga ikkje var naudsynt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Mjuk som ein apekatt?

Hødd-trenaren sjølv var også med på dagens yoga-økt, sjølv om han gav klar beskjed til instruktøren før trening om at han eigentleg ikkje trengde det. Han var nemleg mjuk som ein apekatt.

– Tja, dei som såg meg i yogatimen såg vel at det var å ta i litt. Eg var meir som ein sjiraff trur eg, ler Nilsen.

Men innsatsen var det i alle fall ikkje noko å seie på, ifølgje Henriette Aurtande, verken hos trenar Nilsen eller hos spelarane.

– Eg synest det var veldig gøy at dei hadde lyst til å prøve og innsatsen var upåklageleg. Dei pusta bra og var veldig flinke.

Den sjølvtitulerte apekatten, derimot, synest det med pustinga var utfordrande.

– Det er vanskeleg å koordinere ein gamal kropp og puste rett i tillegg. Det var ikkje alltid eg hang heilt med. Eg slutta heilt å puste blant anna, ler Hødd-trenaren.

Timen vart avslutta med «dødmannsstilling» der ein skal sete eller ligge heilt stille og berre puste.

– Uansett om stillinga blir ubehageleg skal ein ikkje røyve på seg. Det var Hødd-spelarane aller dårlegast til. Det tok berre eit par sekund før dei byrja å røyve på seg. Dei måtte klø og eg veit ikkje kva.

Hødd på yoga

Mjuk, mjukare, mjukast. Hødd-spelarane er klare for dei fire siste seriekampane i årets 1. divisjon.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Kan rykkje opp til eliteserien

Hødd kjempar i toppen av førstedivisjon og kan vere aktuelle for opprykk til eliteserien. Yogainstruktør Henriette trur timen hennar vil hjelpe Hødd på sin veg mot opprykk.

– Absolutt. Men eg kan ingenting om fotball, då. Likevel trur eg kanskje det å trene konsentrasjon i yoga kan hjelpe dei til dei står og skal ta eit straffespark for eksempel.

Trenar Lars Arne Nilsen er meir usikker på om yogatimen kan sikre opprykk.

– Nei, det kan den nok ikkje. Det var ei god økt, men eg trur ikkje det er yogatimen som er avgjerande for om vi rykkjer opp eller ikkje, nei. Men det var eit artig avbrekk i treningskvardagen.

Opprykk eller ikkje, Henriette er i alle fall tilgjengeleg for å ta imot fleire fotballspelarar.

– Av alle eg kjenner er eg den som er minst interessert i fotball, men dei var no innmari trivelege. Som jente blir ein litt «star strucked» når det er så mange kjekke og stramme menn i salen. Heia Hødd!

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia