Norge kan bli avhengige av hjelp for å komme seg til EM i Ukraina og Polen. Den hjelpen er det bare Kypros som kan komme med, trur landslagssjef Egil «Drillo» Olsen.
- Les:
– Kypros kan bli eit nøkkellag. Om vi ikkje tek poeng nok sjølv må vi ha hjelp, seier Drillo.
– Sjansen er minimal
Kypriotane står etter fire kampar med to poeng i Norges EM-kvalifiseringsgruppe. Denne hausten tek dei imot både Danmark og Portugal.
Mot portugisaranes stjernegalleri sjokkerte dei med 4-4 på bortebane i første kvalifiseringskamp.
Folket frå ferieøya kan sjokkere igjen, meiner «Drillo».
– Sjansen er minimal, men sånne under skjer jo ein gang imellom. I kampen mellom Portugal og Kypros vann jo førstnemnde sjansestatistikken 14- eller 15-4, og kampen enda til slutt 4-4, seier landslagssjefen.
Er Kypros sterke nok til å kunne hjelpe Norge i EM-kvalifiseringa? Diskutér nedst i saka!
Scheie: – Danmark sleit jo mot Island
Også NRKs fotballkommentator, Arne Scheie, ser realistisk på at laget som ligg nest sist i Norges gruppe kan komme med ei hjelpande hand når det gjeld som mest.
– Det hadde vore fint om Kypros hadde klart det, og det er jo ein moglegheit der. Danmark hadde det jo til dømes ikkje lett borte mot Island, seier Scheie.
Kypros har heimefordelen
Sjansane er små, men om det er eit lag som kan gå på ein uventa smell mot kypriotane er det Danmark, trur både Scheie og «Drillo».
– Det er den einaste gongen det kan skje. Ein skal jo heller ikkje undervurdere at Kypros har heimebanefordelen, seier Scheie.
– Eg kjenner at det er litt større sjanse for at Kypros klarer noko mot Danmark på grunn av at eg held Portugal som litt betre, seier ein ikkje alt for optimistisk landslagssjef.
– Går alt inn blir vi nummer tre
Om Kypros tek eitt poeng mot Danmark vil Morten Olsens menn ende på maksimalt 17 poeng. For å oppnå den sluttsummen må dei i tillegg slå både Norge og Portugal heime.
Med uavgjort mot Kypros, siger mot Norge og tap mot Portugal er Danmark på 14 poeng.
Norge, som møter Island, Danmark og Kypros, kan i likskap med Danmark ta maksimalt 19 poeng. Med tap mot Danmark og siger heime mot Kypros og Island hamnar Drillos på 16 poeng, og er dermed sikra andreplassen om Danmark går på ein smell mot Kypros og Portugal.
Scenaria er mange, og alt kan skje. Drillo er klar på at Norge først og fremst må gjere jobben sjølv for at håpet skal leve.
– Mest sannsynleg så vinn både Portugal og Danmark på Kypros. Går alt inn med favorittsigrar, blir vi enkelt og greit nummer tre i gruppa, seier landslagssjefen.