EM i UEFA-presidentens heimland blir det første i historia med 24 lag. Frankrike er automatisk kvalifisert som arrangørland, dei 23 andre skal dei resterande 53 UEFA-nasjonane slåst om gjennom
.Ni kvalik-grupper
Dei 53 skal trekkjast i ni grupper – åtte grupper med seks lag, ei med fem. Dei to beste frå kvar av dei ni gruppene pluss den beste gruppetrearen går direkte til EM. Dei åtte andre gruppetrearane skal spele playoff om fire plassar.
Seedinga til trekninga byggjer på UEFAs landslagsranking som blir offentleggjort i slutten av januar. Trekninga skal gjennomførast søndag 23. februar.
Kvalifiseringskampane tek til 7. september neste år, og gruppespelet blir avslutta 13. oktober 2015. Playoffkampane går i november 2015.
Trekninga av sluttspelet finn stad 12. desember 2015, og meisterskapet går frå 10. juni til 10. juli 2016.
"Week of football"
Nytt er det også at kvalifiseringskampane er spreidd over fleire vekedagar. Konseptet heiter "Week of football", og inneber at dobbelrundane i kvaliken blir spela frå torsdag til tysdag.
Grunnen er at det skal bli mogeleg å følgje fleire kampar på tv. – Det betyr at vi vil ha 8–10 kampar kvar dag, i staden for 20–30 som no, seier UEFAs generalsekretær Gianni Infantino.
Kampane laurdag og søndag vil i hovudsak ha avspark klokka 18.00 og 20.45, medan kampane dei andre dagane i utgangspunktet skal spelast klokka 20.45.