NRK Meny
Normal

Kan returnere på rekordtid etter skrekkskade

I slutten av januar blei Bryan Oviedo liggande igjen i sjokk etter ei takling i FA-cupen. Skarve to månader, éin operasjon og mykje vilje seinare, ser Everton-spelaren ut til å kunne returnere på rekordtid.

Bryan Oviedo

Everton-spelar Bryan Oviedo blir på uheldig vis sparka av Stevenage-spelar Simon Heslop i fjerde runde av FA-cupen 25. januar i år. Resultatet blei dobbelt beinbrot.

Foto: Sang Tan/Eddie Keogh / AP/Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Thor Einar Andersen

Thor Einar Andersen seier det ikkje er vanleg å vere tilbake så raskt som Oviedo no ligg an til å vere.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

– Tre månader er å returnere svært raskt, seier lege for det norske fotballandslaget, Thor Einar Andersen til NRK.

Akkurat det kan bli situasjonen for Everton sin costaricanske back og midtbanespelar Bryan Oviedo (24).

Såg ned og såg noko feil

18 minutt ut i Everton sin kamp mot Steveange, i fjerde runde av FA-cupen, såg det derimot svært stygt ut.

Situasjonen den 25. januar: Oviedo kjem bakfrå og hiv seg inn i ei takling der Stevenage-spelar Simon Heslop fører ballen. Everton-spelaren trefte ballen, men Heslop skulle akkurat til å skyte. I staden for mot ballen, fyrte Heslop av med full kraft mot venstrebeinet til Oviedo.

På video av uhellet ser ein Oviedo sittande like etter smellen, før han kikar ned og ser venstrebeinet i totalt feil vinkel litt over ankelen.

Dommaren vinka febrilsk etter medisinsk personell, medan lagkameratar styrta til for å passe på deira då 23 år gamle lagkamerat.

– Verkeleg ekkel smak i munnen

Everton vann kampen 4-0, men etter kampen var det sjølvsagt den svært uheldige skaden som stal fokus.

– Det var ein veldig uheldig situasjon, ingenting vondskapsfullt. Det gir deg derimot ein verkeleg ekkel smak i munnen. Du møter ikkje nokon snillare person enn Bryan og dette var på veg til å bli hans sesong, sa Everton-trenar Roberto Martinz til BBC etter kampen.

Oviedo blei hasta av stadion på båre, før han blei frakta til sjukehus. Der blei det raskt klart at costaricanaren måtte opererast – og truleg førebu seg på eit langt opphald frå fotballen.

Trass i at operasjonen var vellukka, var det svært overraskande då Oviedo var tilbake på treningssenteret etter mindre enn fem veker.

På tidspunktet blei det sagt at han nok mista både resten av Premier League-sesongen og Brasil-VM saman med Costa Rica.

Saka held fram under bildet.

Bryan Oviedo

Everton sin fysioterapeut held foten til Bryan Oviedo oppe etter skrekkbrotet.

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters

Oppløfta og overraska

Fredag melde derimot Everton på sine eigen nettsider at Oviedo truleg er tilbake langt raskare enn trudd. Det skal vere svært overraskande med tanke på kor stygt beinbrotet var.

– Eg føler Bryan har ei verkeleg god moglegheit til å bli med igjen i spelargruppa siste veka i årets sesong, noko som er utruleg for ein skade som er så friskt i minnet til folk, seier trenar Martinez.

Spelaren var på Costa Rica etter skaden, der Everton og det costaricanske fotballforbundet samarbeidde tett. No er han tilbake i England og Liverpool.

Før han blei skadd scora han mellom anna det vinnande målet då Everton slo gamletrenar David Moyes og Manchster United .

Per Ciljan Skjelbred

Per Ciljan Skjelbred opplevde ein liknande skade som den Oviedo enda opp med. Skjelbred, då ung Rosenborg-spelar, brukte lang tid fram til han spelte fotball igjen.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Må vere mentalt klar

Det har skjedd tidlegare at idrettsutøvarar kjem tilbake relativt raskt etter stygge beinbrot. Likevel er det ikkje vanleg, seier landslagslege Thor Einar Andersen.

– Rehabilitering og opptrening må vere optimal, i tillegg til at spelaren må vere mentalt klar. Då kan det gå fort, fortel Andersen til NRK.

Sjølv har Andersen ikkje opplevd så mange liknande skader, men han minnast Per Ciljan Skjelbred sitt stygge beinbrot. Han brakk begge beina i høgrefoten då han blei grisetakla av Olympiakos-spelar Ieroklis Stoltidis i Meisterligaen.

– Per Ciljan brukte tid, godt over eit halvt år. Slike beinbrot skjer heldigvis veldig sjeldan. Kvar gong det skjer må ting skreddarsyast for å gjere ting optimalt for spelaren, seier legen.

Ser lyst ut for VM

For Everton-spelar Oviedo er målet å få med seg VM i Brasil saman med Costa Rica. Det håpet er no svært bra.

– Han har ein verkeleg god sjanse til å nå VM. Det kjem nok litt an på kva rolle dei vil ha han i, men eg er sikker på – frå eit medisinsk perspektiv – at han vil vere klar, melde Everton-trenar Martinez.

Fotball-VM 2014 går frå 13. juni til 13. juli i Brasil.

Landslagslege Andersen er derimot tydeleg på at ein ikkje må ta ting på forskot.

– Det står igjen å sjå når han blir å sjå på banen. Vi får sjå, avsluttar landslagslegen.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.