NRK Meny
Normal

Sjølvmål gjer at VM-håpet lever i Danmark

Absolutt alt gjekk Danmark sin veg denne fredagskvelden, og plutseleg lever VM-håpet. Men danskane blir slakta av eigne aviser ...

Falk mot Failla og Camilleri

Danmark sin Rasmus Falk i duell med Malta sine Clayton Failla (venstre) og Ryan Camilleri. Failla utlikna til 1–1 for Malta, medan Camilleri avgjorde–for Danmark med eit sjølvmål.

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

«Pinleg dansk siger på Malta», skriv Ekstrabladet. «Ein forferdeleg kamp», skriv Berlingske. «No kan det vel berre bli betre?», skriv Jyllands-Posten.

Uansett: Absolutt alt gjekk eit nær fortapt Danmark sin veg denne fredagskvelden i september.

For Danmark kunne i praksis ha vore ute etter kamp nummer sju av 10 i VM-kvalifiseringa.

Sjokksiger i Tsjekkia

Den første gåvepakken kom allereie før Danmark mot Malta blei sparka i gang.

I Tsjekkia gjekk vann nemleg Armenia 2-1, der den avgjerande scoringa kom på overtid i andre omgang.

Dersom Tsjekkia hadde vunne ville laget hatt 12 poeng. Danmark hadde seks poeng før kampen mot Malta.

I den tredje kampen i gruppa, mellom suveren gruppeleiar Italia og Bulgaria, vann italienarane oppskriftsmessig 1–0.

Dersom Bulgaria hadde vunne ville laget hatt 13 poeng, då like bak Italia.

Malta utlikna og avgjorde

I Danmark sin eigen kamp opna alt perfekt, då Leon Andreasen scora 0–1 etter berre to minutt. Clayton Failla utlikna til 1–1 etter 38 minutt for Malta–som er fortapt i botnen av gruppe to.

Danmark måtte vinne, og på dagen då alt gjekk vegen fekk danskane hjelp av motstandaren. Etter 52 minutt kom nemleg 1–2. Scoringa blei sett i mål av Malta sin Ryan Camilleri til Danmark-siger.

– Det er lenge sidan vi har vunne ein fotballkamp, og det er viktig å ta med. Alle er klare over at mykje må betrast, men det var nødvendig med tre poeng, og så gløymer vi denne kampen, kommenterte Roma-spelar og midtstoppar Simon Kjær til Ekstrabladet etter kampen.

I staden for null VM-håp har Danmark no eit greitt VM-håp. Italia har så å seie vunne gruppa, men kvalikplassen skal no utkjempast mellom Bulgaria (10), Tsjekkia (9), Armenia (9) og Danmark (9).

Christian Eriksen

Christian Eriksen trudde han hadde scora 2–1 for Danmark, men scoringa blei dømt som sjølvmål.

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.