Hopp til innhold

Sjekk denne oppturen for Even Hovland

Tysklands-proffen Even Hovland har gått frå marerittskade og benkesliting til å bli ei viktig brikke for FC Nürnberg i 2. Bundesliga. I tillegg blei han pappa til ei jente for berre to månader sidan.

Even Hovland

Even Hovland, her på trening med landslaget, kan bli en viktig brikke for Norge.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Den 25 år gamle midtstopparen frå vesle Vadheim i Sogn og Fjordane er i knallform før Per-Mathias Høgmo tek ut troppen til privatkampen mot Sverige 8. juni og EM-kvalifiseringskampen mot Aserbadjan 12. juni.

– Det har gått bra for min eigen del. Og eg har spelt mykje, seier Hovland til NRK.

Med Håvard Nordtveit på benken i Borrussia Mønchengladbach, og ein Vegard Forren under pari for Molde så langt, kan det kanskje opne for tysklandsproffen frå start i forsvaret mot Aserbadjan.

– Eg trur Nordtveit startar i midtforsvaret. Men om Forren er med i førsteellvaren er eg meir usikker på, seier NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken.

– Forren er ein god pasningsspelar. Men i duellspelet har han slitt meir enn han burde den siste tida. Mot Stabæk blei han slått kraftig i luftrommet av Diomande på defensiv corner ved eit par høve, og det teiknar ikkje godt. Vi treng duellsterke spelarar inne i eige felt for å kunne halde målet reint, seier Løken vidare.

Forren og Hovland

De to spillerne som kjemper om den ene midtstopperplassen på landslaget, Vegard Forren (foran) og Even Hovland.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Høgmo er nok bekymra

Det kan kanskje opne opp for den 1, 90 meter høge Hovland, som er ein av få norske utanlandsproffar med fast speletid i klubben sin.

– Det vil eg ikkje spekulere i. Dersom eg får moglegheita så må eg ta den. Dei to andre har jo prestert bra i dei landskampane dei har spelt, seier Hovland til NRK.

I slutten av mars blei det fem baklengs i audmjukinga mot Kroatia i Zagbreb. Der var Hovland med i troppen.

Karl-Petter Løken meiner landslagssjef Per-Mathias Høgmo har defensive utfordringar, men har ikkje sett nivået til Hovland i Tyskland.

Høgmo er nok bekymra etter det som skjedde i siste kamp. Borte mot Kroatia slapp vi inn to mål etter at Kroatia blei redusert til ti mann, og det skal ikkje skje. Vi er nøydde til å stramme opp bakover, seier Løken.

Hovland meiner likevel det blir vanskeleg å utfordre norges faste midtstopparpar så langt i EM-kvaliken.

– Håvard er i ein av dei beste klubbane i Tyskland, så klart det er vanskeleg for han å få spele. Og for Vegard har det kanskje variert litt i Molde, men uansett så veit vi kva Vegard står for, og det har han vist i fleire kampar, seier Hovland til NRK.

Søv om natta

Etter at Valerien Ismael fekk sparken som Nürnberg-trenar i november og blei erstatta av Rene Weiler har alt vore ein samanhengande opptur for den tidlegare Sogndal- og Molde-spelaren.

Etter at midtstopparen fekk sjansen borte mot SV Sandhausen 7. november har han spelt samtlege 21 seriekampar på nivå 2 i Tyskland.

I tillegg blei han og sambuaren foreldre til ei jente for to månader sidan. Men den nyfødte har så langt ikkje øydelagt nattesøvnen for ein hardtarbeidande fotballproff som treng å vere utkvilt før neste trening.

– Ho har vore snill og søv heile natta igjennom, så hittil har det gått bra. Vi stortrivst i Tyskland, smiler Hovland.

Opprykk til Bundesliga

Søndag spelar han sesongens siste seriekamp mot VrF Aalen. Sjølv om Hovland har hatt personleg suksess, har sesongen vore skuffande for klubben.

Nürnberg ligg på ein 10. plass før den siste runden og endar opp i ingenmannsland midt på tabellen.

– Resultata har vore litt opp og ned. Målet før sesongen var å kjempe høgare oppe. Men det har ikkje gått vår veg. Det har gått litt «stang ut» ut i periodar. Det er noko vi må jobbe vidare med til neste sesong.

For den tidlegare bundesligaklubben er lite nøgde med å vere borte får det beste selskapet.

– Vi har som mål å vere i toppen. Og å rykke opp så fort som mogleg. Men etter nedrykket i fjor blei det store utskiftingar i spelarstallen. Vi var klar over at det kom til å variere litt. Men totalt sett har vi ikkje prestert godt nok i år. Det er spelarane klar over, og vi må opp eit par hakk til neste sesong. Men då har vi fått eitt år ekstra til å bli kjent med kvarandre, seier Hovland.

Høgare nivå enn i eliteserien

Even Hovland

Even Hovland fra tiden som kaptein for Sogndal.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Hovland ein av seks nordmenn i 2. Bundesliga, og meiner nivået er høgare enn i den norske eliteserien.

– Eg vil seie at 2. Bundesliga var eitt steg opp for meg. Det tenkte eg også før eg reiste, og det viste seg å vere rett. Eg angrar ikkje på at eg tok sjansen då eg fekk den.

Korleis er nivå 2 i Tyskland betre enn eliteserien i Norge?

– Det er tøffare. Og du blir straffa dersom du gjer ein dårleg kamp. Totalt sett er nivået på alle laga høgare enn i eliteserien, og alle kan slå alle. Slik er det i eliteserien også. Men det er litt tettare og jamnare her, meiner Hovland, som også har merka at nivået på treningane også er høgare enn i Norge.

– Det er tøffare treningar her. Det blir «trøkka» meir til. Totalt sett er det hardare, og det blir stilt høgare krav. Men slik må det vere dersom vi skal klare å komme oss opp på det øvste nivået, fortel Hovland.

– Eg er meir sliten etter trening her enn det eg var for eksempel i Molde. Men der var filosofien også litt annleis. I Molde var det viktig at vi trente godt, men det var også fokus på restitusjon slik at vi var utkvilt til dagen etter, og vi fekk jo eit godt utbytte av det også, seier Hovland.

Kva er grunnen til at du har lukkast så bra den siste tida?

– Eg har fått moglegheit og tillit av trenaren. Etter at vi bytta trenar så greip vi sjansen alle mann. Og vi har stort sett spelt med dei samme spelarane gjennom heile sesongen, seier han.

Even Hovland

190 centimeter høye Even Hovland er sterk i lufta. Her under en landslagstrening i 2014.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Vil på landslaget

Torsdag i neste veke tek Per-Mathias Høgmo ut sin neste landslagsstropp. Der håpar Hovland at han er med.

– Sjølvsagt. Eg har alltid lyst til å vere med på landslaget. Men vi får sjå, troppen må takast ut først og så får vi sjå om eg får moglegheita. Det er sjølvsagt alltid kjekt å vere med på landslaget, seier Hovland.

Føler du at du er spesielt aktuell denne gangen?

– Eg var jo heldig å få vere med sist. Eg håpar at eg ikkje har gjort meg bort på nokon måte. Men det er til sjuande og sist landslagsleinga som bestemmer kva spelarar som dei vil ha med. Så får vi berre vente og sjå, seier Even Hovland.

Fotball

  • Gironas sensasjonsferd fortsetter

    Girona slutter ikke å overraske i tetsjiktet i Spania. Søndag ble det 4-2-seier i Catalonia-derbyet borte mot Barcelona.

    Bragden gjør Girona til serieledere i La Liga, med 41 poeng på 16 kamper. Det er to poeng ned til Real Madrid, og syv til regjernde mester Barcelona.

    Artem Dovbyk tok Girona foran etter tolv minutters spill. Ukraineren ble satt opp av landsmannen Viktor Tsyhankov og scoret via stolpen.

    Robert Lewandowski headet inn utligningen kort tid senere, men Girona slo til igjen før pause. Miguel Gutiérrez curlet vakkert gjestene opp i 2-1.

    Mot slutten la innbytter Valery Fernández på til 3-1. Han hadde kun vært på banen i to minutter.

    I tilleggstiden tente Ilkay Gündogan et håp for Barcelona, men Cristhian Stuani fjernet all tvil i det femte overtidsminuttet.

    Girona ble nummer ti i La Liga sist sesong. Nå ryster Catalonia-klubben de etablerte i spansk toppfotball. (NTB)

    Girona jubler for borteseier mot Barcelona
    Foto: Joan Monfort / AP
  • Benbrudd for Molde-profil

    Molde-profil Emil Breivik har pådratt seg et brudd i ene leggbenet etter sammenstøtet med Bodø/Glimt-keeper Julian Faye Lund i lørdagens cupfinale.

    Det bekrefter medisinsk ansvarlig i Molde, Lars Håvard Sæbø, til NRK.

    – Det gjøres videre undersøkelser i kommende uke, og da vet vi vet mer om hvor lenge han er ute, sier Sæbø.

    Etter flere minutter med behandling ble 23-åringen fraktet av banen på båre.

    Breivik ble kalt inn til sin første landslagstropp til kampene mot Jordan og Georgia i september.

    Molde vant cupfinalen 1-0 mot Bodø/Glimt.

    Molde-spilleren Emil Breivik måtte bæres ut på båre etter stygg skade i cupfinalen.
  • Terland-dobbel reddet Brighton

    Elisabeth Terland fortsetter å score i den engelske superligaen i fotball. Søndag berget hun 2-2 for Brighton med to sene mål mot Leicester.

    På den første av Terlands to scoringer, hadde i tillegg landslagskollega Maria Thorisdottir assist.

    Brighton er nummer ni i ligaen, mens Leicester er to plasser foran. Guro Bergsvand spilte i Brightons forsvar sammen med Thorisdottir.

    Terland er øverst på toppscorerlisten med sju mål på ni kamper denne sesongen. Manchester Citys Khadija Shaw og Tottenham-angriper Martha Thomas følger nærmest med seks nettkjenninger hver.

    Sophie Román Haug scoret for Liverpool i 1-1-kampen mot Bristol City søndag. Hun gjorde i sommer overgang fra Roma og står med tre nettkjenninger på sju kamper i serien så langt. (NTB)

    Elisabeth Terland
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Haaland ute av Manchester City-troppen mot Luton: – Han har fått en stressreaksjon i foten

    Den norske spydspissen Erling Braut Haaland er ikke med Manchester City-laget til søndagens bortekamp mot Luton i Premier League på Kenilworth Road.

    Det bekrefter klubben én time før kampstart. Tidligere søndag meldte The Athletic at de lyseblå må klare seg uten sin norske målkonge i duellen mot nyopprykkede Luton. Oscar Bobb starter på benken.

    Før kampstart forklarte Pep Guardiola hvorfor Haaland ikke er med til Luton.

    – Han har fått en stressreaksjon i foten. Etter kampen mot Aston Villa følte han seg ikke bra, så han kunne ikke spille i dag. Jeg er litt usikker på omfanget. Vi må ta det dag for dag og uke for uke, sa Guardiola til Sky Sports.

    Nordmannen har startet samtlige av lagets seriekamper denne sesongen.

    Haaland har gjort 14 mål i Premier League denne høsten, og jærbuen er på stø kurs mot sin andre strake toppscorertittel i England siden overgangen fra Borussia Dortmund sommeren 2022.

    Luton har overrasket flere storlag så langt denne sesongen. Mot Liverpool tok de poeng med 1-1, mens Arsenal måtte ha et overtidsmål for å vinne 4–3 i midtuken. De tapte også «bare» 0–1 for Tottenham i oktober.

    (©NTB)

    Erling Braut Haaland
    Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters
  • Sørloth tilbake fra skade

    Alexander Sørloth slapp til det siste kvarteret i Villarreals 0-3-smell for Real Sociedad. Det var hans første kamp på en snau måned.

    Trønderen mistet fem klubbkamper og hele Norges landslagssamling i november som følge av lårtrøbbel.

    Sørloth entret banen på stillingen 0-3. Villarreals baklengsmål kom alle mot slutten av første omgang.

    La Liga-sesongen har til nå vært en stor skuffelse for Sørloths lag. Etter 16 runder ligger Villarreal på 13.-plass og virker helt hektet av i kampen om europaspill. (NTB)

    Alexander Sørloth
    Foto: Alberto Saiz / AP
Molde-spilleren Emil Breivik måtte bæres ut på båre etter stygg skade i cupfinalen.
Brentford-spilleren Kristoffer Ajer feiret som besatt etter en takling i det 91. minutt. Minutter senere var kampen snudd – dermed startet latterliggjøringen av feiringen.