NRK Meny
Normal

Luis Suarez sikta for rasisme

Liverpools Luis Suarez blir etterforska av det engelske fotballforbundet for rasistiske utbrot mot Manchester Uniteds Patrice Evra.

Liverpools Suarez and Manchester Uniteds Evra

Luis Suarez (t.v.) og Patrice Evra hadde mange tette duellar i kampen

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

Forballforbundet (FA) kunngjorde dette i ei pressemelding onsdag.

Evra sa etter kampen mellom dei to laga på Anfield i Liverpool 15. oktober at Suarez hadde kome med rasistiske tilrop under kampen, noko Suarez har nekta for.

FA har brukt lang tid på å undersøke påstandane, og har no kome fram til at dei skal reise tiltale mot Suarez, melder Sky sports .

- Vi ser det slik at Suarez har brukt ord og uttrykk av rasistisk karakter, på ein slik måte at det strir mot våre reglar. Dette går både på etnisk bakgrunn, rase og hudfarge, skriv FA i pressemeldinga.

FA har makt til å tiltale og dømme spelarar og andre innan fotballen for brot på fotballens regelverk, og kan straffe med bøter og utestengingar.

Kampen i Liverpool enda 1-1. Suarez er Liverpools toppscorar med fire mål på 11 kampar, men scora ikkje i den kampen.

Liverpool skriv i eit tilsvar at dei vil ta saka opp med Suarez når han er tilbake frå landslagsoppdrag med Uruguay.

- Men han kjem til å seie seg ikkje skuldig, og vi reknar med at han vil krevje ei presonleg høyring. Vi vil støtte Luis fullt ut, skriv Liverpool.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotballnyheter