Rosenborg stanga og stanga. Det myldra av sjansar til heimelaget. Det såg ut til å bli 0–0 likevel.
Så la Pål André Helland corner, innbytar Konradsen var der. 1–0 etter 2.51 av tre minutts tilleggstid.
Dermed auka Rosenborg leiinga til 11 poeng på tabelltoppen. Det er sju rundar igjen, men ingen trur at nokon kan hente inn att Rosenborg.
– Vi er ikkje i mål. Men dæven ta, vi skal kødde det til bra no om vi ikkje skal klare det. Då må vi tape minst fire av dei siste kampane. Og det har vi ikkje tenkt å gjere, seier Pål André Helland til NRK.
– Tar ikkje igjen RBK no
Stabæk-trenar Bob Bradley har også gitt opp.
– Eg trur ikkje vi kan ta dei igjen, seier Bradley til NRK. – Det kan ingen andre heller, seier han.
– Det er den beste sigeren eg har vore med på, sjølv om eg sjølv spela dårleg. Det er euforisk, seier Helland.
– Det er ei fantastisk kjensle å score eit så viktig mål i siste sekundet i denne kampen her, sa målscorar Anders Konradsen til CMore.
Trøndersk sjansebonanza
Ein bonanza av sjansar for Rosenborg i andre omgang til trass – toppkampen på Lerkendal såg forunderleg nok til å ende utan scoring.
For etter pause varta Rosenborg opp med festspel, og skapte sjanse på sjanse. Ole Selnæs dominerte midtbana og leverte den eine silkepasninga før den andre. Det hjelpte berre så lite. Stabæks keeper eller forsvarsspelarar stod alltid så vidt i vegen.
– Eg kan ikkje kome på ein såherlegg siger, sa Selnæs i garderoben etterpå.
Heilt til detstod attd ni sekund. Då vann Rosenborg, og då sikra dei seg nesten heilt sikkertseriegullett.
Bleik førsteomgang
– Vi hadde bra kontroll på Stabæk, men vi skapte ikkje noko sjølv. Det må vi gjere noko med etter pause, sa Rosenborgs trenar Kåre Ingebrigtsen til CMore i pausen.
Han hadde sett ein omgang der laga nøytraliserte kvarandre i toppkampen på Lerkendal. Begge var gode nok til å halde det andre frå livet, men ingen var gode nok til å skape sjansar.
Det hjelpte. Mange gonger «såg» Lerkendal-publikum ballen i mål. Men like mange gonger reagerte Stabæk-keeperMande Sayoubaa lynraskt og klarte å stå i vegen for serieleiaren.
Det såg ut til at Stabæk skulle rane med seg det eine poenget. Og det kunne gått verre enn som så.
Fire minutt før slutt fekk Stabæk kontre. Gorozia skaut frå nesten død vinkel, og Ole Selnæs – bestemann på bana – stod på streken og klarerte via tverrliggaren.
Like etterpå hadde Stabæk ballen i nettet, men det vart avvinka for offside. – Det er ikkje sikkert at det ver ei rett avgjerd, sa Bengt Eriksen i CMores studio.
– For meg er det ikkje offside. Hovudet er innanfor, men ikkje føtene, seier Bob Bradley.