NRK Meny
Normal

– Har sett kampar med veldig lav kvalitet

Toppfotballsjef Nils Johan Semb meiner gårsdagens cupsmell for toppklubbane er urovekkande, og meiner nivået i eliteserien hittil i sesongen er alt for variabelt.

Nils Johan Semb

Toppfotballsjef Nils Johan Semb meiner gårsdagens cup-smell for laga i eliteserien er urovekkande for norsk fotball. Fire toppklubber rauk ut for lag frå nivå tre.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg synest cupresultata er litt urovekkande. Vi har sett ein tendens i cupen at eliteserielag får trøbbel allereie frå 2. runde og utover. Dei problema burde ikkje dukka opp før i tredje runde, seier toppfotballsjef Nils Johan Semb til NRK.

25 prosent av eliteserien

Heile fire eliteserielag blei slått ut av cupen i går av lag frå nivå tre, og nokre av tapa var av det sensasjonelle slaget.

Start tapte 4-0 for bunnlaget i 2. divisjon, Vindbjart. Haugesund gjekk på ein 4-1-smell borte mot Fyllingsdalen.

Kjetil Rekdal raste etter at Vålerenga tapte 1-0 for Gjøvik/Lyn. Og til slutt slo cupbomba ned på Senja der Tromsø måtte reise heim med 2-1-tap.

– Overraskingar i cupen skjer i alle land. Det er ein del av cupens sjarm at lag frå lavare divisjonar slår seg oppover i systemet. Slik skal det vere.

– Men fire lag er mykje. Det er 25 prosent av serien. Det var også ein del andre topp-lag som sleit seg vidare med minst mogleg margin, fortsetter Semb.

Europacup peikepinn

– Nokre av sigrane var også overlegne, både 4-0 og 4-1. Det er urovekkande med tanke på nivået, seier toppfotballsjefen, som meiner at cupsmellen er eit teikn på at kvaliteten i eliteserien varierer for mykje.

– Hittil i sesongen har kvaliteten vore veldig variabel. Eg har sett gode kamper, og eg har sett kampar med veldig lav kvalitet. Odd-Rosenborg i helga var imponerande for å vere eliteserien. Men det har variert på alle nivå av skalaen, meiner Semb

Kva har vore den svakaste kampen?

– Det vil eg ikkje gå inn på. Eg er mest opptatt av alle dei gode kampane. Odd-Rosenborg og Molde-Odd var to veldig gode kampar. Det er slike oppgjer vi jaktar etter å få mange av, fordi det er utviklande for både spelarane og laga, seier Semb.

Den sportslege leiaren i Norsk Toppfotball, Jo Bergsvand meiner haustens kvalifisering til europacupane vil vise kvar norsk fotball står mot konkurrentane.

– Prestasjonen i går er kanskje bra for cupen, men ikkje bra for klubbane. Men cup er cup. Eg trur prestasjonane i europacupkvaliken til hausten vil vere ei betre måling på nivået, seier Bergsvand til NRK.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.