Mange reknar med ein sikker siger i kampen mot Bosnia-Hercegovina på Ullevaal stadion onsdag. Nils Johan Semb er klar over at publikum forlangar ein ny triumf:
- Vi skal vere optimistiske og ha trua, men eg kan seie til alle at det kjem til å verte ein tøff batalje, ein tett kamp, seier landslagssjefen til NRK.
Semb håpar Steffen Iversen kopierer skåringa på onsdag, men fryktar det verste.
Semb får støtte av fotballekspert Arne Scheie. Scheie meiner optimismen føre landskampen onsdag er overdriven:
- Bosnia vert ingen lett motstandar for Noreg. Eg såg dei spele ut Tyskland i femti minutt fredag. Bosnia er raske, dei har teknisk gode spelarar framover som tek overgangsmuligheitene laget får.
Jan Åge Fjørtoft er samd i at Noreg har mykje å gå på:
- Resultatmessig var det ei stor bragd vi gjorde borte mot Romania, men når det gjeld spelarane sine prestasjonar, var det fleire som var langt under pari. Difor vil eg åtvare dei største optimistane, seier Fjørtoft.
Landskampen ser du på NRK1 onsdag klokka 1930.