Cupfinalen er vanlegvis både sesongens viktigaste kamp og sesongens avslutning. Cupen er framleis NM i fotball. På eit fullsett Ullevaal – i sol, regn eller snø – blir vinnaren kåra og kongepokalen delt ut.
Her kan du gjenoppleve litt av dramatikken frå nokre av finalene.
1956: Skeids tredje strake
Skeid er det einaste laget med hattrick i cupgull sidan cupen blei ei open turnering i 1917. Det blei fullført i 1956, i finalen mot Larvik Turn. Harald Hennum og Finn Gundersen gav Skeid 2-0 etter ein halv time, Reidar Sundby reudserte for Larvik Turn midt i andre omgang.
Framfor 33.444 tilskodarar tok dermed Skeid kongepiokalen til odel og eige.
1959: «Olav Vikings» første triumf
Viking og Sandefjord var laga i cupfinalen, og Viking vann 2-1 etter ekstraomgangar. 19 år gamle Gustav Hulth sette inn sigersmålet i første ekstraomgang.
1959 var også debutsesongen til legendariske Olav Nilsen, som tok sin første triumf på Ullevaal denne dagen.
1961: Den største sigeren
Fredrikstad banka stakkars Haugar 7-0 – den største finalesigeren i cupens historie. Østfoldlaget tok The Double etter å ha vunne Hovedserien tidlegare på året, og var klar favoritt.
Haugar frå landsdelsserien, den tids nivå 2, heldt stand i 37 minutt, så brast deminga. Rolf Olsen og Per Kristoffersen scora to kvar.
1962: Backe-jubel på Gjøvik
To usannsynlege finalistar i cupen dette året: Gjøvik/Lyn og Vard, begge frå landsdelsserien. Gjøviklaget var best, og kaptein Rolf Bjørn Backe vart dagens mann med ei scoring i kvar omgang.
1965: Skeid – til slutt
Etter 2-2 og 1-1 vann Skeid byderbyet mot Frigg 2-1 i den tredje finalekampen. Avslutninga vart dramatisk då dommaren annullerte Åge Solvangs «utlkning» i kampens siste minutt for angrep på keeper.
1967: 3 x Berg og knusande Lyn-siger
Rosenborg hadde gått rett frå 2. divisjon til seriegull, men på ei våt og gjørmete Ullevaal-matte måtte dei gje tapt. Brørne Harald og Knut Berg scora til saman tre gonger, og Lyn vann 4-1. Det var Lyns sjuande cupmeisterskap.
1974: Seriemesteren slått
Viking var storfavoritt etter å ha sikra sitt tredje strake seiemeisterskap helga før, men vart kjempa i senk av Skeid. I sluddver og myr-tilhøve på Ullevaal vann Skeid 3-1 og tok sitt åttande NM-gull. Dan Børge Akerø var reserve for Skeid, men slapp ikkje utpå i finalen. Berre 11.700 var på tribunen.
1981: Tommys store dag
Tom Lund var på sitt aller beste, og var den store skilanden på Lillestrøm og Moss. Han scora berre eitt mål i 3-1-triumfen, men var den store drivkrafta i kampen der LSK var klart best.
1988: «Brann-slokkar» Sørloth
Med to mål i første kamp og eitt i den andre var Gøran Sørloth hovudmannen bak Rosenborgs cupsiger over erkerivalen Brann. Han scora begge RBKs mål i 2-2-kampen, og det første i omkampen som RBK vann 2-0. Karl-Petter Løken scora det andre i omkampen.
Sørloths 1-0-mål 25 minutt ut i omkampen er ein klassikar. Sørloth fekk kjempetreff frå 35 meter, og Brann-keeper Bjarni Sigurdsson rakk knapt å løfte armane.
1991: Den store keeperduellen
Rosenborg var storfavoritt, men Strømsgodset overraska alle og vann 3-2. Odd Johnsen vart kampens store spelar då han snudde 0-1 til 2-1 i første omgang, og fekk sin revansje etter to tapte finalen med Brann nokre år tidlegare. Det same gjorde også Trond Nordeide, som sette inn Godsets tredje mål.
Snakkisen etter kampen var også RBK-keeper Ola By Rises tabbar. Både ved det første og tredje SIF-målet gjorde han feilvurderingar som vart avgjerande. Frode Olsen i Godsets mål – utlånt frå Rosenborg – gjorde derimot ein feilfri kamp.
1992: Bjørnebyes avslutning
Rosenborg hadde nettopp vunne det første av det som skulle bli 13 strakeligagull og gjekk for The Double mot Lillestrøm i cupfinalen.
Mons Ivar Mjelde hadde utlikna RBK-leiinga to gonger, og det gjekk mot ekstraomgangar. Men 18 sekund før dei tre tilleggsminutta i ordinær tid var ute, smelte Sig Inge Bjørnebye til med venstrebeinet og sikra RBK kongepokalen. Og Ola By Rise revansjerte seg sterkt for finaletapet året før.
1994: Så lykkast det for Molde
For andre gong i historia hadde to lag frå nivå 2 kome seg til cupfinalen. Molde slo Lyn 3-2 og vann sin første kongepokal i kampen som også var Kjetil Rekdals første store triumf.
Opningsminutta var spesielt hendingsrike. To gule kort og to mål etter enorme keepertabbar, og 1-1 etter berre 12 minutt.
1998: Stabæks store kveld
Stabæk hadde meldt seg på i norsk toppfotball tre år tidlegare, og tok sin første triumf mot mektige Rosenborg. Frode Olsen gjorde som for Strømsgodset i 1991 og tok nesten alt.
Helgi Sigurdsson scora første og siste for Stabæk. Men det var Thomas Finstads 2-1-mål – ein megatabbe av RBK-keeper Jørn Jamtfall – i første ekstraomgang som i realiteten avgjorde finalen.
2005: Straffedrama og nytt Molde-gull
Finalen på Ullevaal-gjørma gav Molde 4-2 over Lillestrøm. Finaledramaet var først og fremst knytta til Lillestrøms kontroversielle straffe på overtid, som Arild Sundgot sette inn til 2-2 og ekstraomgangar.
2013: Molde snudde mot erkerivalen
Med tre mål i kampens siste 20 minutt snudde Molde kampen mot Rosenborg til siger 4-2. To raske mål i første omgang og Tore Reginiussens scoring rett etter pausen såg ut til å sende pokalen til Trøndelag.
Men RBK kunne ikkje stå imot Moldes langspurt. Jo Inge Berget, Magne Hoseth og Tommy Høiland sirak klar siger i det som skulle bli Ole Gunnar Solskjærs siste kamp som Molde-manager.