NRK Meny
Normal

Scora sju mål for det tapande lag

Scorar du sju mål i ein kamp, høyrer du vanlegvis til på vinnarlaget. Men ikkje alltid. Det kan Wilfred «Billy» Minter skrive under på.

St. Albans 1923

Dette er St. Albans storlag frå tidleg 20-tal

Foto: Hertford Advertizer

Sju gonger fann han nettmaskene i cupkampen mot Dulwich Hamlet ein novemberdag for over 90 år sidan. Men det var ikkje nok. Heimelaget scora åtte gonger.

8-7 er ikkje berre den mest målrike kampen i FA-cupen nokonsinne. Det er også einaste gongen ein spelar har scora sju mål for det tapande lag. Og det er truleg ein rekord som vil stå til evig tid.

Billy Minter var storscorar for amatørlaget St. Albans City i åra etter første verdskrigen scora han 356 mål på 348 kamper frå 1921 til rundt 1930 for klubben frå Londons utkant.

Han var også etablert på det engelske amtørlandslaget.

Wilfred Billy Minter

Wilfred «Billy» Minter opplevde å score sju mål i ein kamp - og tape

Foto: sacfc.co.uk

Til St. Albans kom han i januar 1921. På prøvespel. «Spelet hans var så godt at klubben vil ha han til meir prøvespel», skreiv avisa Hertfordshire Mercury.

Det angra dei ikkje på, og det vart meir enn prøvespel. Ved utgangen av februar hadde han scora ti mål på seks kampar, og klubben gjekk heilt til topps i ligaen dei spela i.

«The famous match»

Det var omkamp i fjerde kvalifiserande runde i FA-cupen, den nest siste runden før første ordinære runde og sjansen for amatørane til å måle krefter med motstand frå ligaen. Datoen var 22. november 1922, ein onsdag.

Laga hadde spela ordinære 1-1 i første kamp laurdagen før. Drygt 4000 tilskodarar hadde møtt fram til omkampen på bana som bar det optimistiske namnet Champions Hill denne haust-ettermiddagen.

Det skulle bli «match of his life» for Billy Minter.

Gjekk seg bort, rakk ikkje kampen

Men det byrja dårleg for St. Albans. Keeperen – den einaste dei hadde med, det var ikkje lov med innbytarbenk på den tid – hadde gått seg bort på veg til stadion og rakk aldri kampen. Backen Alf Fearn måtte stå i mål.

«The Citizens (kallenamn på St. Albans, journ. merk.) did the greater part of the attacking. Their combination reached a high standard it being the best that they had attained for many a long day. Their passing was not only pretty to watch but it was far more skilful than that of the homesters who relied on the more dashing attacks of the usual cup-tie order», står det i kampreferatet frå den tid. I St. Albans' historiebok, vel å merke.

Ekte hattrick på fem minutt

Minter var allereie ein frykta målscorar i Isthmian league, og skapte trøbbel for Hamlets-forsvaret frå avspark. Men Dulwich Hamlet tok likevel leiinga etter eit kvarter.

Så var det Billy Minter-show. I løpet av fem minutt scora han tre gonger – ekte hattrick og 3-1 til bortelaget Citizens. Alt såg lyst ut for avansement.

Men heimelaget kom tilbake, og ved pause stod det 3-3 etter eit fyrverkeri av ein omgang.

Og det skulle bli meir. Mykje meir. Berre sju minutt etter pause var det 5-3 til Dulwich, og det såg tungt ut for gjestene.

Nytt hattrick - ny leiing

Men så var det denne Billy Minter. Han gjorde som i første omgang og laga nytt ekte hattrick, denne gongen på ni minutt. Albans var brått i føringa med 6-5, og med berre 12 minutt att av ordinær tid. Med seks mål av Billy. Dei 4000 rundt bana trudde ikkje det dei såg.

Dei skulle få endå meir valuta for inngangspengane. Fem minutt før slutt dømde dommaren utspel. Linjemannen inistserte på corner, ifølgje St. Albans' historiebok, og klarte å overtale dommaren.

Dulwich Hamlet heada corneren i mål, og 6-6. Fleire scoringar vart det ikkje i ordinær tid.

Mål i nesten mørke

Det var onsdag ettermiddag, seint i november, litt grått i veret. Dagslyset tok til å svinne. Men ekstraomgangane måtte spelast.

Dulwich-forsvaret var livredde Minter no, og tok han hardt. «To gonger skulle vi hatt straffe», skriv Albans' historieforteljar.

Det fekk dei ikkje. I staden scora Dulwich på ein ball som sklei mellom nevane på keeper-veteran Alf Fearn. 7-6 etter første ekstraomgang.

Fire minutt før ekstraomgangane var over, utlikna St. Albans og Minter igjen. I tusmørkret sette han skallen til ein corner, og 7-7. Det var det omtrent berre dei som sat i svingen bak målet som fekk med seg. Det var trass alt meir enn 30 år til flomlys skulle bli vanleg på engelske fotballbaner.

Alle rekna med uavgjort og ein ny omkamp.

Tapte på siste spark

Men då klokkene til majoriteten av dei frammøtte pressefolka hadde passert det punktet der kampen skulle vore slutt, skjedde det. Eit frispark vart slått inn i feltet, der bomma keeper, og Dulwich scora. 8-7 med siste spark på ballen på overtid av overtida, og i nesten totalt kveldsmørke.

Det høyrer med til historia at i ettertid er det blitt påstått at ved det eine av måla var Harold «Ginger» Figg borti ballen før den gjekk over målstreken, og skulle ha vore kreditert målet. Men videoopptak fanst ikkje på den tid, og ingenting kan bevisast.

Dulwichs keeper hadde minst tre gonger så mykje å gjere som Alf. «Men Alf spela på ein uvant plass, og gjorde nok feil ved minst tre av deira mål», heiter det i Albans' referat.

St. Albans hadde også andre ting å skulde tapet på: Reuben Miller fekk ein skulderskade tidleg i kampen, og fullførte kampen med skaden. Men han spela likevel «excellent», ifølgje avisreferatet.

Ut i neste runde

For Dulwich vart det likevel inken cupsuksess. I neste kvalik-runde møtte dei Clapton og rauk ut etter 2-2 heime og 2-0-tap i omkampen.

Uansett: Billy Minters sju mål for det tapande lag har ein evig plass i historiebøkene. Det er kanskje ein rekord som står til evig tid, iallfall for ein kamp på eit såpass høgt nivå. Om det er ei trøyst.

Lojal mot klubben

Resultatet og dei sju måla vekte oppsikt, og fleire profesjonelle toppklubbar viste interesse. Både West Ham og Tottenham var i kontakt med Minter og St. Albans, men det vart ingenting av. Billy Minter var lojal mot klubben sin.

Det gav amatørlandskampar og bøttevis med mål for klubben. I 1922-23 scora han 44 mål, inkludert dei sju tapar-måla mot Dulwich Hamlet, og klubben kom til FA-cupfinslen for amatørlag. To sesongar seinare kom han opp i 45 mål.

PS: Historie-fundamentalistar vil ha det til at også Dennis Law scora sju for det tapande lag. Han spela på Manchester City, som i 1961 møtte Luton i 3. runde i cupen.

Law hadde scora seks mål og City leia 6-1 då skodda vart for tjukk og kampen måtte avbrytast. I tråd med reglane måtte derfor heile kampen spelast på nytt. Law scora igjen, men City tapte 3-1.

Men i motsetning til Dennis Laws, var alle Billy Minters mål gjeldande. Sjølv om det vart tap.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.