NRK Meny
Normal

Dette gløymer Scheie aldri

Arne Scheie gjekk til landskamp mellom Norge og England på Ullevaal i 1966. Lite visste han då at han skulle bli invitert inn til dei engelske storstjernene.

Charlton og Scheie

Bobby Charlton ble verdensmeter for England i 1966, og fikk møte Arne Scheie.

NRK Sportens ekspertkommentator i hopp og fotball har eit hav av opplevingar frå sportsverda bak seg.

Sidan Arne Scheie byrja i NRK i 1971 har han mellom anna kommentert langt over hundre herrelandskampar i fotball. Men det er kanskje ein dag hugsar han noko betre enn mange andre.

SJÅ VIDEO: Arne Scheie og Anders Stabrun Smith mimrar.

Den store draumen

Dette var like før VM i 1966. England skulle spele på Ullevaal, og Scheie stod utanfor stadion like ved inngangen til engelskmenenes garderobe.

– Då kom det ein veldig hyggeleg kar bort og spurte meg om eg ville vere med i garderoben til England, seier Scheie.

Scheie som også på den tida var langt over gjennomsnittet interessert i engelsk fotball trudde ikkje han fekk lov til å møte landslagsheltane 20 minutt før kampstart.

– Sjølvsagt kan du det, sa mannen til Scheie.

(artikkelen held fram under biletet)

England 1966

LAGET: Dei engelske stjernene i Idrettsparken i Danmark i 1966. Framme f.v.: Alan Ball, Jacky Charlton, George Eastham, Geoff Hurst, George Cohen. Absents on the picture: Gordon Banks, Bobby Charlton, Martin Peters and Roger Hunt. Bak f.v.: Ray Wilson, Jimmy Greaves, Paul Bonetti, Nobby Stiles, Bobby Moore (kaptein), John Connelly.

Foto: STF / AFP

Stjernene drakk te på Ullevaal

Og denne episoden gjorde at han fekk møte den tidas store engelske fotballspelarar.

– Det som gjorde inntrykk og det eg aldri kjem til å gløyme er at engelskmennene var usedvanleg hyggelege. Og at alle sat og drakk te, seier Scheie.

– Blei heilt sett ut

Bobby Charlton frå Manchester United, kaptein Bobby Moore frå West Ham United og Jimmy Greaves frå Tottenham Hotspur var av dei som lada opp til kamp med å nippe til tekoppen.

– Så du sat deg ned med dei?

– Eg gjekk i alle fall rundt der. Eg levde vel fortsatt i sjokket etter at hadde fått lov til å komme inn, seier Scheie

– Fekk du autografar?

– Eg blei helt sett ut. Eg trur ikkje eg hadde med autografblokk, men bare det å komme inn der kjem eg aldri til å gløyme. Det var stort vil eg seie, fastslår Scheie.

Har du eit lignande minne? Fortell!

Fotballnyheter