Sarpsborg møter Sarpsborg. Og Sarpsborg er storfavoritt. Forvirra? Her får du forklaringa.
Det er Sarpsborg FK frå 4. divisjon som møter Sarpsborg 08 frå eliteserien i 1. runde i cupen. Det er byens stolte fotballtradisjonar som møter byens topplag av i dag.
Sarpsborg FK er klubben med tradisjonar. Ikkje mindre enn 12 gonger har dei spela cupfinale, og halvparten har enda med siger. To gonger har det blitt seriebronse, og i 1970 var Egil "Drillo" Olsen med då klubben møtte Leeds i europacupen.
Sarpsborg 08 er elitesatsinga i Sarpsborg-distriktet. Ein av klubbane bak satsinga er Sarpsborg FK.
60 kampar i cupens 1. runde blir spela i kveld. Fem av dei kan du følgje direkte her på NRK.no frå kl. 18.00:
(Artikkelen held fram under videoane)
Røter i SFK, jobbar for 08
– Dette blir ein svært spesiell kamp, seier Bjørn Ingen Nilsen. Han har sine fotballrøter, oppvekstmiljø og beste kameratar i SFK, men har vore engasjert i 08 i dei fleste åra den klubben har eksistert.
– Eg håpar SFK gjer ein god og heilhjarta innsats med eit heiderleg resultat, men at 08 vinn. Det er trass alt dei som har føresetnader for å nå lengst i cupen, seier Nilsen. Både han og far hans har fortid som keeper i SFK.
Video: Sarpsborg FK har ei lang og suksessrik historie. Her eit samandrag frå cuptriumfen i 1948 mot sjølvaste erkefienden Fredrikstad. Artikkelen held fram under videoen.
13 lokale klubbar bak elitesatsinga
13 klubbar i Sarpsborg-distriktet står bak Sarpsborg 08. Sarpsborg FK er ein av dei 13, og gjekk frivillig med på å flytte ned to divisjonar til 4. divisjon for å gi plass til den nye klubben i 2008.
– Vi kom skeivt ut med poengtrekk og problem den første sesongen. Det var tøft å dra i gang 08, seier Nilsen, som var sportsleg leiar i klubben frå 2008 til 2011, og som no er varamann til styret.
Han har ingen verv i SFK i dag. – Det hadde blitt for stor belastning, seier han.
Møtest for første gong
Det er første gong SFK og 08 møtest til obligatorisk kamp. Ikkje så rart, sidan SFK er i 4. divisjon ikkje har nådd første cuprunde sidan før 08 vart stifta.
– Det er ingen motsetningar eller konfliktar mellom klubbane. Både SFK og dei andre klubbane i byen støttar heilhjarta opp om 08. Derfor er det spesielt at vi skal møtest, seier Nilsen til NRK.
– Og så er eg stolt av at Sarpsborg FK er ein av berre to-tre klubbar frå 4. divisjon som er klar for 1. ordinære runde, seier Nilsen.
60 kampar i cupens første runde blir spela i kveld. Alle eliteserielaga skal spele borte i dei to første rundane, det er slått fast i reglementet. Det betyr mange fotballfestar i bygder og småbyar landet rundt.
Og alle håpar cupbomba skjer nettopp der.
Kontroversiell målfest i Bergen
I Bergen går det ein kamp med ei spesiell forhistorie. Varegg møter Brann. Det gjorde dei også for 32 år sidan. Då gjaldt det serien, og
.I Orkdal skal Rosenborgs suksesstrenar gjennom mange år Nils Arne Eggen møte sin gamle klubb.
, seier Eggen.I Søgne braut 24 spelarar ut og stifta sitt eige lag Høllen for tre år sidan. Der må spelarane sjølve selje pølser før kampen, og kanskje i pausen.
, og billettinntektene går til Røde Kors.I Sogn
. Og som har endra namn sidan sist. Kanskje smell cupbomba i aluminiumsbygda?. Hos heimelaget er det mange Molde-supporterar, men i kveld er det dei som håpar på cupbombe.