Andre omgang blei plutseleg langt meir spennande enn venta på Estadio Mestalla.
Like før pause leia Barcelona heile 3–0 borte mot Valencia, men på overtid sette rutinerte Hélder Postiga inn 1–3 og 2–3. Dermed var spenninga stor før andre omgang.
Del to av kampen mellom storlaga blei derimot eit tidvis sjansebonanza mot målet til Valencia. Barcelona burde punktert kampen gjentekne gonger, men fekk aldri beina 2–4 i nettet.
I staden var nerven i kampen heilt ut, men Valencia fekk aldri snappa med seg eitt poeng frå tredje serierunde.
Hat-trick-konge og ny rekord
Alle scoringane i kampen blei scora i første omgang, og ball nummer éin gjekk i nettet etter 11 minutt.
Cesc Fabregas fekk ballen på midtbana, før han flikka kjapt vidare til ein Messi i stor fart. Keeper og to forsvarar var ingen match, og argentinaren la til slutt 0–1 i ope nett.
Etter 38 minutt blei han spelt gjennom på ny, jogga frå forsvararen som følgde han, og dobla leiinga med høgrefoten.
Tre minutt seinare serverte Neymar–som starta sin første seriekamp–til Messi, før ballkunstnaren breisida inn 0–3 og hat-trick nummer 23 for Barcelona.
Tre mål borte mot Valencia gjorde i tillegg at Messi runda 100 mål på bortebane i Primera Division. Det er ny rekord, der legendariske Hugo Sanchez hadde rekorden før Messi.
Med fem mål på dei tre første seriekampane er Messi også veldig godt på veg mot å bli tidenes mestscorande i La Liga.
Historisk er Telmo Zarra, Athletic Bilbao-spelar frå 1940 til 1955, mestscorande med 251 fulltreffarar. Hugo Sanchez, som spelte for fleire spanske klubbar, har andreplassen med 234 mål.
Lionel Messi låg på 7. plass før sesongen, men klatrar kjapt oppover lista. Etter tre mot Valencia har kanskje tidenes beste fotballspelar 220 mål i den spanske toppdivisjonen.
Saka held fram under bildet.
To vakre frå Postiga
Valencia er derimot ikkje ein småputt i spansk fotball, og like før pause reduserte dei to gonger med Hélder Postiga–31-åringen frå Portugal.
Rett før overtida i første omgang blei ballen slått inn i feltet, og med eit nydeleg saksespark frå 10 meter sette Postiga 1–3 i mål.
To minutt på overtid dunka han inn 2–3 med hovudet på imponerande vis etter corner.
Likevel, det stoppa på fem mål, og Barcelona tok nye tre poeng.
Barcelona har no vunne sine tre første seriekampar, og leiar serien på målforskjell framfor Villareal, Atlético Madrid og Real Madrid–tre lag som òg har vunne sine tre første.
Valencia har på si side tapt to kampar etter opningssigeren over Málaga.
- Les også:
- Les også: