Etter ein katastrofal start på sesongen har Rosenborg-skuta verkeleg komme på rett kurs att.
Fire sigrar og tre uavgjortresultat har det blitt etter at dei sist tapte mot Haugesund på Lerkendal 16. mai.
I dag var det Strømsgodset som fekk kjenne trøndersk sigerform.
– Er Rosenborg på gullkurs no?
– Vi er på riktig kurs, men vi er ikkje i gullkampen heilt enno. Vi er i alle fall meir stabile i forsvar no, seier Rosenborg-trenar Jan Jönsson etter kampen.
Tidleg grep om kampen
Gjestene frå Drammen hadde ikkje haldt nullen mot Rosenborg på 20 kampar. I ein omgang på Lerkendal haldt håpet om å bryte den vonde statistikken.
For Strømsgodset hang godt med etter ein god Rosenborg-start i første omgang. Dei blei rysta av ein Rosenborg-dobbelsjanse der Jim Larsen avslutta sist, men Godset-keeper Adam Larsen Kwarasai fekk såvidt avverga skotet.
Men då Jim Larsen var frampå like etter pause var Kwarasai sett ut av spel. På ein chip frå Fredrik Winsnes dytta Mikael Dorsin ballen med hovudet til Larsen, som enkelt kunne sette inn leiinga.
(artikkelen held fram under biletet)
Olsen sikra sigeren
Etter scoringa viste Rosenborg at dei no verkeleg har fått sving på angrepsspelet.
Eit tverrliggarskot frå Fredrik Winsnes, samt sjansar frå Mushaga Bakenga og Jonas Svensson kunne fort resultert i storleiing.
Heimelaget makta å trygge leiinga då Trond Olsen kom inn og la på til 2-0 to minutt før ordinær tid.
– Dette var tre viktige poeng for å henge med i toppkampen, seier Trond Olsen.
– Eg veit at han lengtar etter meir speletid. Det var «kult» at han dukka opp der og tok vare på den sjansen, seier Jönsson.
Stømsgodset kunne skapt spenning att i kampen då Sankoh traff Rosenborg-tverrliggaren. Laget frå Drammen er trass tap enno på fjerdeplass i serien.
– Vi skal bli mellom dei seks beste, og det er tøft nok i seg sjølv. Vi må bare bli litt tøffare i sluttfasen av spelet, seier Stømsgodset-trenar Ronny Deila til TV2.