Stabæk tar imot Rosenborg på Nadderud i pinsa. Det blir toppkamp. Rosenborg leier serien, to poeng framfor Stabæk.
– Dei er gode, dei, men dei er ikkje betre enn oss. Vi slår dei, seier Søderlund, som scora eitt av måla mot Sandefjord i 5-1-sigeren laurdag, og som har ti mål totalt i år.
– Trur du Stabæk kjem til å halde heilt inn?
– Nei. det kjem til å rakne, trur eg, seier Søderlund.
Festkveld og leikestove
Rosenborg heldt leikestove mot Sandefjord og vann 5-1. Dermed har dei scora 31 mål på dei ni første kampane.Rosenborg slo dermed raskt og hardt tilbake etter tapet i Mjøndalen tysdag. Og det med fem mål framfor 21.000 på Lerkendal.
– Dette var «dejlig». Det var ikkje nokon god fotballkamp, men det er godt å vinne 5-1, sa tomålsscorar Tobias Mikkelsen til CMore.
– Eg har fått masse tillit, og det gir sjølvtillit, sa Mikkelsen, som no gler seg til 17. mai-feringa i Trondheim.
Trenar Kåre Ingebrigtsen var ein smilande mann etter kampen.
– Vi var litt uryddige i dei første 25 minutta. Så fekk vi roa det litt, vi var tolmodige og blei betre og betre. Då kom sjansane og fem fine mål. Tobias er «on fire». Dette er eg godt nøgd med, sa han til NRK.
Sandefjord gjekk på sitt sjette strake tap og er einaste laget utan bortepoeng. Trenar Lars Bohinen var ingen lykkeleg mann etter kampen.
– Vi er godt inne i kampen til 3-1. Så må vi gjere nokre byte, og då er vi ikkje med lenger. Det skjedde også mot Stabæk sist – vi er litt «prügelknabe» for tida, sa Bohinen.
Søderlunds tiande mål
Rosenborgs leiarmål etter tre minutt var det eit element av flaks over. Alexander Søderlund knalla til frå nærmare 30 meter, ballen toucha ein Sandefjord-spelar og spratt i mål.
– Eg var heldig med den. Elles var det ikkje så mykje eg fekk gjort i dag, sa Søderlund til NRK.
Men Sandefjord var ikkje komne til Lerkendal for å gje vekk poeng. Ti minutt etter Søderlunds leiarmål la Jonas Svensson eit presist frispark på lengste stolpe, der Erik Mjelde fekk overraskande god plass til å heade inn utlikninga.
Ti minutt før pausen slo Rosenborg til igjen. Ole Selnæs' pasning til Tobias Mikkelsen var millimeterpresis, og dansken scora åleine med keeper.
Men andre omgang tilhøyrde Rosenborg. Mikkelsen vart tomålsscorar etter eit kvarter. Han sette ballen i mål via stolpen.
Åtte minutt etterpå sat det fjerde, ved Fredrik Midtsjø. Då var løpet køyrt, og Mikael Dorsin fekk sette inn 5-1 på overtid.