NRK Meny
Normal

Rooney-løgn planlagd tysdag

- Ja, eg laug, vedgår Alex Ferguson om opplysningane om at Wayne Rooney ikkje skulle spele mot Bayern München onsdag.

Wayne Rooney
Foto: NIGEL RODDIS / REUTERS

Alt etter ei hemmeleg treningsøkt tysdag var det klart for Manchester United-manageren at Rooney skulle starte. Men så seint som onsdag ettermiddag sa Ferguson at han var uaktuell etter ankelskaden han fekk i første kamp mot Bayern.

- Han skal ikkje eingong vere på benken, sa Ferguson då.

Men då lagoppstillinga vart kjort kjent ein time før kampstart, var Rooney med frå start.

- Det var ei løgn, erkjenner Ferguson.

- Wayne hadde ei eigen trening etter fellestreninga tysdag, og var svært imponerande. Han gjorde alt eg bad han om. Det var ein intens test, og legane våre meinte at det ikkje var nokon risiko å la han spele, seier Ferguson til BBC.

Rooney måtte også onsdag gå av bana i andre omgang, men Ferguson seier at det ikkje er alvorleg. Han skal stå over kampen mot Blackburn i helga, men er klar igjen i neste veke.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.