Med 3-0-målet sette portugisaren frå Madeira inn sitt 14. meisterliga-mål for sesongen, og sitt 31. mål i sluttkampar i turneringa totalt. Begge deler er tangering av Lionel Messis rekordar.
Og det i Ronaldos meisterliga-kamp nummer 100 – 48 av dei for Real Madrid, 52 for Manchester United. Totalt har Ronaldo 64 meisterligamål på samvitet i sine 100 kampar.
Ronaldos jubileumsmål kom etter at han vart fint frispela av Luka Modric, finta elegant ut Borussias keeper og trilla ballen i tomt bur.
Då var sigeren også sikra, og truleg også avansmentet til semifinalen. Utan bortemål skal det mykje til om Borussia skal snu dette i heimekampen i Dortmund tysdag.
Gir forsvaret 10 av 10
– Dette er eit sterkt resultat, vi er godt nøgde med 3-0, ikkje minst fordi vi slapp unna baklengsmål heime. Dette var eit langt steg mot semifinale, sa Isco, mannen som scora 2-0-målet.
– Eg vil gje forsvaret vårt karakteren 10 av 10 mogelege, sa Isco til Canal Plus.
Men dei har seg sjølv å takke – dei hadde nok overgangar og sjansar til eit bortemålet.
– Det hadde dei nok hatt med Robert Lewandowski på laget, meinte Jan Åge Fjørtoft i Viasats studio. Polakken var suspendert på grunn av for mange gule kort. Han er tilbake i returkampen onsdag.
Borussias Nuri Sahin meiner også det.
– Vi hadde våre sjansar. Vi hadde ti kontringar, og klarte ikkje å utnytte ei einaste. Vi burde hatt med oss eit bortemål til returen. Det har vi ikkje, og no må vi berre innsjå at dette blir svært vanskeleg, seier ein skuffa Sahin til dne tyske kanalen ZDF.
Drøymeopning for Real
Real fekk i lange periodar lett spel mot fjorårsfinalisten i høljregnet i den spanske hovudstaden, og har stø kurs mot semifinale i turneringa. Det betyr revansje etter det smertefulle tapet i semifinalen i fjor.
Real fekk nesten ei betre opning enn dei hadde våga å håpe på. Gareth Bale vart spela fri av Carvajal og vippa ballen over Borussias keeper Roman Weidenfeller. Dermed 1-0 nesten før kampen var komen i gong.
Isco dobla Reals-leiing etter 28 minutt på eit skot frå like utanfor 16-meteren. Og drygt ti minutt etter pause avgjorde Ronaldo det heile med si rekordscoring.
Ronaldo var bytta ut ti minutt før slutt i jubileumskampen. Det har han aldri opplevd i meisterligaen sidan 13. april 2011 - nesten tre år sidan. Årsaka var ein liten skade, han hadde det tydeleg vondt då han gjekk av bana.