Den 30 år gamle angriparen er for tida på treningsleir med Flamengo i brasilianske Londrina.
Under ei av øktene kunne han varte opp med scoringar av den spesielle sorten.
Posisjonert bak mål serverte brasilianaren finurlege avslutningar for TV-kanalen Globo.
Sjølvsagt med det typiske Ronaldinho-gliset om munnen.
Imponerer fotografane
Men det sluttar ikkje der. For Flamengos nysignering er tydeleg i storhumør om dagen.
Så nøgd er han at han hjelper til med å samle inn ballar på trening. Og det på ein måte som dei fleste andre i spelet bare kan misunne.
Det er ikkje første gangen Ronaldinho imponerer verda med enorme trikseferdigheiter på trening.
Då han spelte i Barcelona blei denne videoen offentleggjort. Seinare kom det fram at klippet bare var juks.
Skal løfte dårleg lag
Den tidlegare gullballvinnaren opplever for tida stor merksemd i Brasil, og har gjerne ein noko lettare kvardag enn tidlegare.
VIDEO: Sjå folkets elleville sambafest for Ronaldinho.
Angriparen som mange trudde var på veg til god gammal storform levde ikkje opp til forventningane i Milan i fjor.
Spelaren takka også nei til Blackburn i januar-vinduet.
No skal han løfte laget som var bare to poeng frå direkte nedrykk i brasiliansk Serie A førre sesong.