NRK Meny
Normal

Roma såg raudt, Juventus festar grepet

To raude kort og scoring på få minutt sette den endelege spikaren i kista då Juventus banka Roma. Sigeren sikra Juventus åtte poengs leiing i Serie A.

De Rossi får raudt

Daniele De Rossi var første Roma-spelar som blei sendt i dusjen.

Foto: Claudio Villa / Getty Images

– Det var ein viktig siger, og eg synest den var fortent sjølv om Roma imponerte meg i 60 minutt, sa Juventus-keeper Gianluigi Buffon etter kampen, ifølgje NTB

Mykje spenning var knytt til toppkampen i italiensk fotball. Juventus hadde før kampen ei luke på fem poeng ned til Roma og kunne verkeleg feste grepet om Serie A med siger.

Bonucci celebrates

Leonardo Bonucci feirar 2-0-scoringa si på festleg vis.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Roma på si side kunne minske luka til to poeng. Det klarte dei ikkje då dei tapte sin første kamp for sesongen.

Seglar vidare

Eit Juventus i storform vann til slutt 3-0 på eigen heimearena. 1-0 kom allereie etter 17 minutt då Arturo Vidal fekk ballen i mål.

Tidleg i andre omgang gjekk heimelaget opp til 2-0 då Leonardo Bonucci omsette eit frispark frå Andrea Pirlo til scoring.

Den tredje scoringa kom i det 77. minutt ved Mirko Vucinic. Minutta og oppbygginga inn mot straffa var av det tragiske slaget - for Roma sin del.

«Litt» sein takling

Roma sleit på stillinga 2-0 og trengde scoring raskt for å få med seg poeng i den tøffe toppkampen. I det 75. minutt angreip Juventus ved forsvarar Giorgio Chiellini.

Roma-angripar Daniele De Rossi følgde Chiellini, og like etter at forsvararen hadde slått inn frå venstre, sette De Rossi inn ei stygg takling. Direkte raudt kort til store protestar, men Roma var nede i ti mann.

Det blei også frispark til Juventus.

Ballen blei slått fint inn av Pirlo der Bonucci heada mot mål. På streken stod Roma-spelar Leandro Castan – som i panikk boksa ballen ut av fare. Raudt kort nummer to på under to minutt var eit faktum.

Den påfølgjande straffa blei sett i nettet, og Juventus kunne innkassere nok ein trepoengar.

Francesco Totti

Roma og Francesco Totti opna perfekt i årets Serie A, men mange uavgjort har gjort at Juventus har fått ei luke.

Foto: MARCO BERTORELLO / Afp

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia