- Klart eg gjer det. Eg seier aldri nei til det, seier Riise til NRK.
Suksess i Roma
Riise er i utgangspunktet venstreback, men har i dei siste kampane hatt suksess som midtstoppar i Roma.
No er han svolten på nye utfordringar.
- Å spele med Brede hadde vore fantastisk. Då er vi to forskjellige typar spelarar, seier Riise.
Video: - Vil spille med Hangeland
(Artikkelen fortsetter under videoen)
Plassen som midtstoppar i Roma har han fått fordi klubben har store skadeproblem. Og mot Arsenal i meisterligaen spela han sitt livs kamp. Derfor kan han hamne i midtforsvaret både på klubb og landslag.
- Eg trivest veldig godt. Det er ein behageleg posisjon å spele i. Du har alt framfor deg, og eg føler eg har ferdigheiter til å spele der.
Når ein bli eldre, blir jo alle venstrebackar midtstopparar, vi blir jo treigare. Venstreback eller midtstoppar, ein av dei to plassane kjem eg til å ende opp på. Kven veit...